Tambar klatra til 5.plass etter dagens seier mot Årdal 2

Tambar vann dagens kamp i 4.divisjon borte mot Årdal 2, og klatra med det opp på 5.plass på tabellen. 3-1 vart resultatet i Tambars favør, etter at stillinga var 1-1 til pause. Med det har Tambar teke tre seierer på bortebane i årets sesong.

4.divisjon
ÅRDAL 2-TAMBAR 1-3 (1-1)

1-0 Ole Gunnar Bukve Kjødnes (4.min)
1-1 Vegard Savland (40.min)
1-2 Vegard Savland (60.min)
1-3 Marius Ghiorghita Ion (66.min)

GOD dommer: Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIF
Gult kort Tambar: Andreas Vatne, Ola Frøyen.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagArdal2Tambar010614


Dagens kamp mot Årdal 2 vart spelt på Jotun stadion i Øvre Årdal, og vart flytta frå Cuba stadion på Årdalstangen utan at vi veit heilt kvifor. Utan at dette hadde så mykje å bety for Tambar, og baneforholda i Øvre var gode, der spredarane gjekk for fullt då Sunnfjordlaget inspiserte graset ein time før kampstart.

Om det var den trykkande varmen, det uvante underlaget eller bussturen til indre Sogn som gjorde det, veit vi ikkje. Men det var ein rufsete start laget hadde den fyrste halvtimen på Jotun stadion, og ein verst mulig start på kampen.

Rett nok hadde Tambar sjansen til å gå i leiinga allerede etter eit minuttars spel, men avslutninga frå Vegard traff ikkje heilt der den skulle. Det gjorde heller ikkje Einar By sitt stolpeskot etter om lag kvarteret spelt.

Fyrst etter halvtimen spelt virka det som Tambarspelarane vart klar og varme i trøya, og byrja å vinne duellane mot dei unge årdølene. Laget kom no lettare fram på sidene og fekk lagt inn i boksen, men presisjonen på legga vart ofte for lite presisjon over.

Det roa nok nervar for både spelarar og dei på benken når Vegard er frampå og utligner til 1-1 fem minutter før pause. Åleine med keeper lobber han ballen iskaldt og kontrollert over heimekeeper og i mål.

Jubelen står i stadiontaket då Vegard er på farten på ny berre minuttet seinare, der han heddar, i kamp med Årdalskeeperen, ein lang ball frå Andreas Brandsøy og i mål. Men etter at dommer har konforert med linjedommer, vèl han å annulere målet for offside.

I andre omgang tek Tambar meir og meir over initiativet i kampen, tetter godt igjen bak, vinn duellane og ruller etterkvert opp fleire fine angrep.

Vegard scorer sin andre for dagen då han dunker ballen kontant i kassa frå 14-15 meter i det 60.minutt, etter flott forarbeid av Gio og Andrè.
Gio set spikaren i kista seks minutter seinare. Ei glimrande pasning på innsida av forsvararen frå Nicolai tek Gio med seg nokre meter, før han lurer ballen forbi keeper og i mål.

Etter ein noko tung start på dagens kamp, kom Tambar tilbake i kampen og viste på ny ein fantastisk evne der spelarane står på for kvarandre og gjer dette til ein skikkeleg lagseier. I andre omgang viser dei seg fram med mykje godt spel, og kjem til utallige sjansar.

*Bevludin i Tambarmålet har ein svært god dag mellom stengene, og tek seg av det som kjem frå Årdølene på ein mesterlig måte, trygg og god.
*Forsvaret med Ola, Gunnstein, Espen og Andreas V ( Nikolai) startar noko rufsete, men spelar seg stort opp gjennom kampen og har etterkvart full kontroll på angriparane til Årdal. Espen er heilt sjef her, og ryddar unna og dirigerer sine medspelarar godt.

*Midtbana med Andrè (Henrik H), Marius H, Einar B og Andreas B har det tyngst i heten på Jotun stadion, og brukar ein halv omgang før dei tek kontroll, noko dei hadde i heile andre omgang og der alle jobba som (Tambar)heltar.

*På topp hadde laget tospannet Vegard og Gio, der begge gjer jobben i dag med henholsvis to og ein scoring. Vegard er oppe i heile ni mål etter dei to måla han scora i dag, og har scora i alle dei sju første kampane i året sesong. Gio spelte ein svært god kamp i dag, scora mål og var stdig ein trussel for eit meir og meir frustrert Årdalforsvar. Vi meiner dette var sesongbeste for Gio.

*Trenar Jan Magne var rolig og sindig i dag, der han for det meste sat i innbyttarboksen under dagens kamp. Sjølv då laget kom under tidleg i kampen, viste han tydeleg tru på at laget skulle hente heim tre poeng frå indre Sogn.

* Ein stor takk til Trond Tveita som køyrde spelarane trygt fram og tilbake.

Neste kamp er borte mot Sogndal 3 søndag 8.juni, medan neste heimekamp er mot Kaupanger fredag 13.juni kl.19:00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse