Tambar hadde kontroll på divisjonsleiaren i første - tapte 2-5

Frustasjoner over dommer prega Tambarspelarane då dagens dommer blåste til pause. Sjølv om laget hadde god kontroll på gjestane frå Florø i denne omgangen og var i føringa, vart det situasjonane dommeren ikkje hang med på, som vart fokus. Og frustasjonen vart ikkje mindre ved kampslutt, der vi opplevde ein lite konsekvent dommer i dagen fotballkamp på stadion.

Tambar spela ein god fyrste omgang mot serieleiaren i dagen 4.divisjonsoppgjer mot Florø 2, og leda fortent 2-1 til pause. I tillegg til måla Vegard sette i denne omgangen, vart han også snytt for to straffer som dommer valgte å oversjå. Ikkje ein gong då linjedommar markerte på den eine situasjonen, reagerte dagens dommer.

Ikkje skal vi være skråsikker på at heimelaget hadde vunne kampen om dommaren hadde gjort jobben sin, men det hadde garantert vorte eit heilt anna kampbilde i dette oppgjeret.

I andre omgang punkterer Florø 2 kampen i løpet av ein fem minnutters periode, då laget scorer tre kjappe mål.

4.divisjon

TAMBAR-Florø2 2-5 (2-1)
0-1 Aruna Cone. (4.min)
1-1 Vegard Savland (11.min)
2-1 Vegard Savland (16.min)
2-2 Aruna Cone (54.min)
2-3 Kristoffer Valsvik (64.min) str.
2-4 Kristoffer Valsvik (66.min)
2-5 Kristoffer Valsvik (68.min)

Dommer: Ståle Sandal, Breimsbygda IL

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarFlor2250514

TAMBAR:
Olav Hundershagen
Ola Frøyen
Anders Aase
Gunnstein Vefring
Joakim Søraas
Andreas Brandsøy
Marius Hallem
Einar By
Andrè Sølvberg
Ghiorghita Marius Ion
Vegard Savland
PÅ BENKEN:
Bevludin Omic
Espen Eithun Langedal
Nicolai Sundbye
Henrik Hundershagen
Iben Andrè Munkvold
Einar Andre Alsaker

Sjølv om Florø 2 kom best i gang i kampen på Naustdal stadion med scoring allerede etter fire minutter, kom Tambar sterkt tilbake og utligna berre få minutter etter. Og derifrå og ut hadde laget til Jan Magne rimeleg god kontroll på serieleiaren omgangen ut.

Tambar er flinke i denne omgangen å holde presset oppe på gjestane, der dei er tett på,vinn dueller og gjer at Florølaget får spelt seg til svært få sjanser i denne omgangen.

Etter å ha fått ei scoring i fleisen allerede etter få minutter reiser Tambar seg att, då toppscorer Vegard Savland er frampå og set sitt åttande mål for sesongen etter elleve minuttar. I førekant av målet slår midtstopper Gunnstein Vefring ein glimrande førtimeterpassning som lander på brystkassa til Andrè Sølvberg, som vidare legg ein strøken pasninga til Vegard, etter at han kom seg fri på venstrekanten. Vegard vender av to forsvararar, før han set ballen i nota.

Berre fem minutter seinare sender Vegard heimelaget i leiinga med 2-1. Ein lang ball over forsvaret frå Andreas Brandsøy, Vegard får raskt kontroll på ballen og set ballen iskaldt og kontrollert til side for keeper.
Halvtimen er spelt då Tambarkeeper Olav Hundershagen set tidlig i gang etter ein Florøcorner. Vegard og Andrè er nær på å få kontroll på ballen åleine med keeper, men Florøkeeper er tidleg ute og avverga rein stor sjanse.
Like etter er Vegard i kamp med keeper, der sisteskansen til Florø må bruke ulovlege midler for å stoppe Tambarspelaren. Linjedommer signaliserer det vi alle ser, men dommer ignorerer uforståeleg signala frå sidelinja. Her vart Tambar snytt for ei klar straffe.

Fem minutter seiner vert Tambar på ny snytt for ei straffe. På ny er det Vegard som få unngjelde, då ein Florøspelar er for ivrig med armbruken sin inne i feltet. Utrulig nok dømmer dommeren frispark til Tambar, og trekker forselsen utom sekstenmeteren.

Omgangen er nesten ferdigspelt då Vegard på ny er på farten, og åleine med keeper. Lobben vert dessverre ikkje slik han hadde tenkt og publikum hadde håpa, og ballen stryk høgre målstolpe på utsida.

Om det er frustrasjonen blant spelarane som er årsaka til ein liten kollaps i andre omgang, skal være usagt. Men i løpet av ein seks minuttars periode avgjer gjestane med tre kjappe scoringar, og Tambar klarer ikkje å svare på det.

Tambar møtte eit godt Florølag i dag, og det er ingen tilfeldigheit at laget ligg på tabelltoppen av årets 4.divisjon. Tambar gjer ein god kamp, skaper mange sjanser og leder kampen til pause. At laget vert frustrerte over dagens dommer, har vi ingen problem med å skjønne. Det var ikkje berre Tambarbenken som såg straffane laget skulle hatt i dag. Feilaktige avgjersler som vi trur vart avgjerande i dagens kamp, der Tambar fort kunne ha leda 3-1 eller 4-1 til pause.

Inkonsekvensen til til dommaren kjem bland anna fram i andre omgang då Florø 2 fyrst får tildelt frispark like utafor Tambars sekstenmeter. Etter å ha konferert med linjedommer, omgjer han frisparket til starffespark.
At det då kokte for heimelaget etter denne seansen, ser vi som ganske naturlig. For spelarane hadde vel situasjonen frå første omgang langt framme, men då vart linjedommar sine flaggheising galant ignorert.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse