Tambar møter topplaget på søndag

Tambar gjer seg klar for 6.serierunde i 4.divisjon og tek søndag imot Florø 2 på Naustdal stadion.

Dei nest beste frå kystbyen har hatt ein god sesongstart og står før kampen mot Tambar med full pott etter fem seierer og 15 poeng. Florølaget er det einaste laget i 4.divisjon som står utan tap, og har vunne alle sine kampar ganske konfortabelt.

Tambar fekk sin andre seier i bortekampen mot Vik sist søndag, då laget returnerte frå Sogn med ein sterk 3-2 seier. Dermed har laget sanka sju poeng før søndagens kamp, etter to seierer, ein uavgjort og to knepne tap.

Det vert utan tvil ein tøff kamp for Tambar når dei møter divisjonens topplag, eit lag som er i flytsona for tida. Men kjenner vi trenar Jan Magne Langedal og hans spelarar rett, vil dei gi alt for poenga også i denne kampen. I tillegg spelar Tambar på heimebane, noko vi vil tru kan hjelpe litt på for laget.

Tambar stiller med fyljande tropp:
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Bevludin Omic
Einar-Andre Alsaker
Einar By
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Iben Andrè Munkvold
Joakim Søraas
Marius "Gio" Ghiorghita
Marius Hallem
Nicolai Sundbye
Ola Frøyen
Olav Engebø Hundershagen
Vegard Savland

Vi gjer oppmerksom på at kampen startar kl.14:30, og ikkje kl.15:00 som fyrst annonsert.

Sjå TABELL: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=138928

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse