Tambar vann 3-2 mot Vik i dag

Tambar tok sin andre seier for sesongen, då dei vann 3-2 mot Vik på Vik stadion i dag. Dermed klatra laget nokre plassar på tabellen etter dagens seier, og ligg no på sjuande plass med sju poeng. Vegard, Iben og Gio scora for Tambar i dag. Kjekt var det at Iben, som var toppscorar for Tambar i fjor, fekk si fyrste nettkjenning i dag.

4.divisjon
VIK-TAMBAR 2-3 (0-1)

0-1 Vegard Savland (17.min)
0-2 Iben Munkvold (59 min)
1-2 Sivert Fjærestad Aase (67 min)
1-3 Marius Ghiorghita Ion (81 min)
2-3 Svein Erik Saglien (86 min)

TAMBAR: Olav Hundershagen - Ola Frøyen, Øystein Bøyum, Espen Langedal, Joakim Søraas - Iben Munkvold, Marius Hallem, Einar By, Andreas Brandsøy - Vegard Savland, Marius Ghiorghita Ion.
TAMBAR-BENKEN: Bevludin Omic, Andre Sølvberg (frå 62.min) Einar-Andrè Alsaker (frå 62 min).

Vegard Savland sette inn sitt sjuande mål for sesongen då han gav Tambar leiinga etter 17 minuttar. Vegard brukte farten sin og fosserte forbi eit par Vikjer og plasserte ballen i nota til sides for sisteskansen til Vik.
1-0 holdt seg omgangen ut, og Tambar kunne dermed gå til pause med leiing etter Vegard si scoring.

Andre omgang var fjorten minutter gammal då Tambar dobla leiinga. Fjorårets storscorar for Tambar, Iben Munkvold, stusser eit frispark i lengste hjørnet og scorer dermed sitt fyrste mål for sesongen.
Tambar går opp til 3-1 i det 81.minutt ved Marius Ghiorghita Ion, og det ser svært så bra ut for at laget kan ta sin andre seier for sesongen. Før scoringa til Gio, reduserte Vik til 1-2 i det 67.minutt.
Nervepirrande vart det då heimelaget scora sitt andre for kvelden, og reduserte til 2-3 i det 86.minutt. Men Tambar stod imot presset frå heimelaget og drog denne viktige seieren i land.

Tambar vinn ein fullt fortent seier mot Vik på deira heimebane. Vik var eit lag med mange robuste spelarar, og laget spela mykje lange baller fram på spissane sine.

Tambar viser på ny god lagmoral der spelarane jobber godt for kvarandre. At Vegard scorer også i dagens kamp er slett inga bombe. Han står no med sju scoringar denne sesongen, og har laga mål i alle fem fyrste kampane!
I dag fekk vi også Gio og Iben på scoringslista, og berre Florø 2 har scora fleire mål enn Tambar i årets 4.divisjon.

Tambartrenar Jan Magne Langedal har stadig nye utfordringar før kampane, der mange av spelarane har slitt med skader. I dag fekk Ola Frøyen sin debut på a-laget, ei oppgåve han mestra godt. Med midtstopper-Gunnstein ute med strekk, tok Ola godt vare på sjansen han fekk i forsvar i dagens kamp.

Neste serierunde spelar Tambar heimekamp, då topplaget Florø 2 kjem på vitjing på Naustdal stadion søndag 25.mai kl.15.00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse