Tambar spelar bortekamp mot Vik på søndag

Får vi sjå nye jubelscener frå Tambartrenaren etter søndagens kamp, og kan laget dra i land sin andre seier for sesongen i årets 4.divisjon?

Tambar sitt a-lag set kursen mot Sogn søndag føremiddag, og spelar sin femte kamp for sesongen når dei møter Vik på Vik stadion.
Tambar har hatt ein bra start spelemessig i årets sesong, der laget har vore på høgde, og vel so det, mot samtlige av laga dei har møtt dei fyrste fire kampane. Laget har sanka fire poeng før kampen mot Vik, etter å ha vunne 5-1 mot Fjøra og spelt 3-3 mot Dale. Dei to tapte kampane har vore tap med minst mulig margin, 2-3 mot Skavøypoll og 1-2 mot Førde 2.

Motstanderen på søndag har hatt ein tøff start på sesongen, og har berre bokført eit einaste poeng før kampen mot Tambar. Det fekk dei etter å ha spelt 3-3 mot Årdal 2. Elles har Vikjene tapt 1-0 mot Fjøra og Førde 2, medan det vart 1-4 tap mot Florø 2.

Som med fleire av kampane i årets serie, vert dette fyrste gong Tambar møter Vik i ein seriekamp. Vi trur ikkje trener Jan Magne Langedal dveler so lenge ved historien på søndag, der han nok er meir lysten på å ta med seg tre poeng heim til Naustdal, frå laget som seinast i fjor spela 3.divisjonsfotball.

Tambar stiller med fyljande spelarar til kampen mot Vik:
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Bevludin Omic
Einar By
Einar-Andrè Alsaker
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Iben Andrè Munkvold
Joakim Søraas
Marius "Gio" Ghiorghita
Marius Hermann Hallem
Nicolai Sundbye
Ola Frøyen
Olav Engebø Hundershagen
Vegard Savland
Øystein Bøyum

Kampar 4.divisjon 5.runde:

Førde 2-Sogndal3 0-1
Fjøra-Kaupanger 3-1
Dale-Høyang 3-2
Skavøypoll-Sandane 1-0
Vik-Tambar (søndag)
Årdal 2-Florø 2 (tirsdag)

Fylj kampen Vik-Tambar på Firda Live: http://www.firda.no/fotball/live/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse