Tambar tapte mot Førde 2 på overtid

Tambar måtte gå av bana utan poeng i lokalderbyet mot Førde 2 søndag, etter at heimelaget leda 1-0 til pause.

Det var ein jamnspelt fyrste omgang på Naustdal stadion då naborivalane møttes til dyst i den fjerde runden i 4.divisjon. Tambar tok ledelsen etter 35 minutter, då lagets toppscorar scora kampens fyrste mål. Dermed kunne gå til pause med ein velfortent leiing, etter å ha vore det beste laget dei 45 fyrste minutta.

I andre omgang utligna Førde 2 til 1-1 i det 68.minutt og bortelaget kom no meir inn i kampen, og hadde sjanser til å gå i leiinga, men utan å lykkast. Det hadde også Tambar, som var farleg frampå ved fleire høve, blant anna ropte spelarane på straffe då Vegard gjekk i bakken innafor sekstenmeteren.

Det såg ut til at kampen skulle ende med 1-1 og uavgjort då klokka passerte 90 spelte minutter. Men med tre minutter på overtid fekk Førde 2 sett den avgjerande 2-1 scoringa, og kunne gå av bana med tre poeng.

4.divisjon
Tambar-Førde2 1-2 (1-0)

1-0 Vegard Savland (35.min)
1-1 Erlend Moen Taule (68.min)
1-2 Kristian Valaker (93.min)

Detaljer frå kampen finn du på Firda Live: http://www.firda.no/fotball/live

Sjå kva Førde skriv om kampen på sine heimesider: http://www.forde-fotball.no/portal/theme/organization/news/show.do?id=9283868#

Dette skriv FIRDA om kampen: http://www.firda.no/sporten/article7349233.ece

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse