4.divisjon: Lokalderby Tambar-Førde 2 søndag 11.mai

Søndag 11.mai er det klart for lokalderby på Naustdal stadion, då møtes nemlig Tambar og Førde 2 til dyst i den 4.runden i 4.divisjon.

Tambar har hatt ein stigning i formkurva si, der laget starta med eit knepent tap mot Skavøypoll i den fyrste serierunden. Deretter vart det 3-3 og uavgjort heime mot Dale. I den 3.serierunden fekk Tambar sin fyrste seier i 4.divisjon, då dei vann heile 5-1 mot Fjøra på bortebane.
Til kampen mot Førde 2 på søndag mønstrer trener Jan Magne Langedal med ein noko skadeutsett tropp, men han har nok allikevel planar om å gi Førdelaget kamp om poenga.

Førde 2 ligg på tredje plass på tabellen med seks poeng før kampen mot Tambar, medan Tambar ligg på åttande plass med fire poeng. Dei nest beste frå Førde starta sesongen med seier mot Årdal 2 (6-3) og Vik (1-0), medan dei gjekk på stortap mot Florø 2 (0-4) i den tredje serierunden.

Kampen startar kl.15:00, og kiosken er som vanleg åpen.

4.divisjon 4.runde:

Sogndal 3-Fjøra 0-3 (spelt fredag)
Kaupanger-Dale 1-1 (spelt fredag)
Høyang-Skavøypoll (lørdag)
Tambar-Førde 2 (søndag)
Florø 2-Vik (søndag)
Sandane-Årdal 2 (søndag)

Meir om Tambar sitt 4.divisjonslag:

Les mer: A-lag 2014


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse