Tambar utklassa Fjøra på Campus

Tambar vann dagens bortekamp mot Fjøra med heile 5-1, i ein kamp Tambar stort sett kontrollerte frå start til slutt. Faktisk skal heimelaget være nøgd med at det ikkje vart fleire baklengs, der Tambar blandt anna hadde to baller i tverrliggar.
Dermed kom Tambar sin fyrste trepoengar i 4.divisjon på bortebane, der dei gjorde dette på ein svært overbevisande måte. Til pause var stillinga 2-1 til Tambar.

4.divisjon
Fosshaugane Campus
FJØRA-TAMBAR 1-5 (1-2)

0-1 Vegard Savland (13. min)
0-2 Vegard Savland (17.min)
1-2 Steffen Olsen (42.min)
1-3 Einar By (62.min)
1-4 Einar By (87.min)
1-5 Marius Gio Ghiorghita (93.min)

Startellever:
Olav Hundershagen - Gunnstein Vefring, Espen Eithun Langedal, Joakim Søraas, Øystein Stafsnes Bøyum - Andrè Sølvberg, Einar Andre Alsaker, Einar By, Kristoffer Hundershagen, Ghiorghita Marius Ion - Vegard Savland

På benken:
Andreas Vatne
Marius Hallem > 89.min (Andrè Sølvberg)
Andreas Brandsøy
Henrik Hundershagen > 77.min (Kristoffer Hundershagen)
Iben Andrè Munkvold > 79.min (Einar-Andrè Alsaker)

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagFjRaTambar300414

Tretten minutter tok det for Vegard Savland å finne nettmaskene i kampen mot Fjøra. Vegard kjem åleine mot Fjørakeeperen, og lurer han trill rindt før han set inn 1-0 målet til Tambar.
Berre fireminutter seinare er målgarantisten på farten igjen, og scorer sitt og lagets andre mål for kvelden. Ein god pasning frå Kristoffer Hundershagen og for andre gong snurrer Vegard rundt med heimekeeperen, og Tambar har fått ein glimrande start på kampen på Fosshaugane Campus.

Utover omgangen fortsetter Tambar å presse på og er aggresive, og millimeterane var ikkje på Gunnstein Vefring si side då han hedda ein corner i tverrligger.

Sjølv om heimelaget hadde ein del bra spel i perioder, hadde dei lite å fare med i angrep. No skal det seiast at Tambar sin forsvarfirer var svært solid i kveld, og lot ikkje angriparane til Fjøra å gjere mykje kreativt innafor sekstenmeteren. Difor fekk også Olav Hundershagen ein roleg dag mellom stengene, og forsøka som kom, hadde han ikkje problem å ordne opp i.
At heimelaget skulle få ei redusering før pause, var mot spelets gang. Ein Tambarspelar var noko uheldig med ei hedding, og ballen tok ein anna veg enn han hadde tenkt. Dermed hamna ballen i føtene på ein Fjøraspelar som kunne sette ballen forbi Olav og i mål.

Berre fire minutter ut i andre omgang ser Tambarbenken ballen i mål, då Andrè Sølvberg er frampå og skyt frå fire-fem meter. Men ein kjemperedning av keeperen til Fjøra gjer at Tambar ikkje går opp til 3-1.

Vegard Savland lagar kaos i Fjøraforsvaret kvar gong han får ballen, og ingen held fylje med denne karen når han girer om. Med berre få minutter i mellom er Vegard frampå med store sjanser til å score. På ei kontring set han fart, spring forbi alt og alle og har berre keeper som står i vegen. Skotet , frå noko skrått hald, redder keeper mesterlig til corner.

På ny er Vegard frampå, runder keeper på ein mesterlig måte og har berre å sette ballen i nota. Normalt set Vegard 99 av 100 slike tilfelle, men denne gongen er ballen to centimeter for høg og går i tverrligger og ned i fanget på keeper.

Uventa og ufortent var det ikkje når Tambar får si scoring nummer tre for kvelden. Denne gongen er det Einar By som står for scoringa. Tambar bruker god til på angrepet og speler Fjøralaget lavt. Angrepet vert avslutte med eit presist innlegg, der fleire Tambarspelarar står klar til å putte. Einar By vart den utvalgte, som set ballen kontant i mål.

Tambar kontrollerer kampen totalt, og har små problem å stoppe dei halvhjarta forsøka frå heimelaget. Spørsmålet vart om Tambar ville klare å sette fleire mål på dei store sjansane laget skapte. Noko dei gjorde. For heilt på tampen av kampen gjer Einar By sin andre scoring for kvelden då han gjer alt åleine og passerer alt og alle og klinkar ballen i mål.

Berre minutter seinare tråkla Marius Gio Ghiorghita seg gjennom heile Fjøraforsvaret før han sette spikaren i kista for heimelaget, og sender Tambar opp til 5-1.

Solid kamp og svært fortent seier til eit godt Tambarlag, der samlige spelarar gjorde ein god jobb og bidrog til sesongens fyrste trepoenger.
Neste kamp er heime mot Førde 2 komande helg.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse