Tambar svært nær sin fyrste trepoenger - 3-3 mot Dale

Tambar spelte uavgjort 3-3 mot Dale i kveldens 4.divisjonskamp på Naustdal stadion, etter at stillinga til pause var 2-1 til bortelaget. Dermed tok laget sitt fyrste poeng for sesongen, i den historiske kampen for klubben.

Som i den fyrste seriekampen, var det i andre omgang Tambar sette inn det avgjerande støtet. Og særlig etter at dei hadde utligna til 3-3, og med kvarteret att å spele, kunne heimelaget ha avgjort kampen til deira fordel.
Fleire gode sjansar på slutten hadde fortent ein bedre skjebne, og den største av alle var Vegard Savland sitt skot i tverrligger. Vi meiner også at Vegard vart snytt for eit straffespark heilt på tampen av kampen.

4.divisjon
Naustdal stadion
Tilskuere: 80

TAMBAR-DALE 3-3 (1-2)

0-1 Vegard Skår (16.min)
0-2 Nicolai MacPherson (23.min)
1-2 Henrik Hundershagen (27.min)
1-3 Ole Petter Mundal (49.min)
2-3 Vegard Savland (72.min)
3-3 Kristoffer Hundershagen (74.min)

Dommer: Ståle Sandal, Breimsbygda IL
Assistentdommer 1: Muhamet Barlla, Eid IL.
Assistentdommer 2: Stein Otto Førde, Breimsbygda IL

Startellever:
Bevludin Omic - Einar By, Espen Eithun Langedal, Gunnstein Vefring, Joakim Søraas - Andreas Brandsøy, Henrik Hundershagen, Ghiorghita Marius Ion, Andrè Sølvberg - Iben Munkvold, Vegard Savland

Innbyttere:
Andreas Vatne -> 71.min (Henrik Hundershagen)
Kristoffer Hundershagen -> 64.min (Andreas Brandsøy)
Nicolai Sundbye -> 73.min (Joakim Søraas)
Einar Andre Alsaker -> 46.min (Iben Munkvold)
Ola Frøyen

BILDER TAMBAR-DALE: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarDale250414


Det var heilt klart Dale som kom best i gang på Naustdal stadion i kveld, der om lag 80 tilskodarar hadde løyst billett for å sjå klubbens debutkamp i 4.divisjon på heimebane.
Dale trilla ballen best i dei fyrste minutta der det meste føregjekk mellom sekstemetrane til laga, og der vi registrete få sjansar til begge lag det fyrste kvarteret.
Einar by vert noko ivrig i ei avklaring innafor sekstenmeteren, og er uheldig når han spring ned ein Dalespelar. Uheldig eller ikkje, dommaren er ikkje i tvil og peiker kontant på straffemerket. Straffe er mål, noko det også vart i dette tilfelle. Bevludin er sjanselaus når han vèl feil side, og Dale leier 1-0.

Samme Bevludin er uheldig når han skal bokse ballen etter ein corner, der han vert pressa medan han går opp og ballen lander i føtene på ein spelar med blå drakt. Han kan sette ballen enkelt i mål, og bortelaget har dobla ledelsen.

Men heldigvis svarar Tambar kjapt, og reduserer til 1-2 berre fire minutter seinare. Tambar har fått tildelt corner, som Andrè Sølvberg serverer med sin venstrefot. Ballen vert klarert ut frå Daleforsvaret og ballen endar hos Henrik Hundershagen. Henrik lader kanona og ballen går via bortekeeper og i nota.

Tambar kjem meir inn i kampen etter reduseringa, og laget spelar seg fram til fleire sjanser, men utan at det vert noko anna enn ”nesten”.
Dermed ebbar kampen til pause med 2-1 leiing til bortelaget.

Andre omgang var berre fire minutter gammal då Tambar fekk sitt tredje mål mot seg, etter at Dale på sin tredje corner på rappen gjekk opp i 3-1 leiing. Dalespelaren fekk stå svært åleine då han hedda ballen kontant i mål.

Med eit Dalelag som forsvarte seg godt i dagens kamp og gav lite rom for Tambar sine offansive spelarar, såg det ut som Ponduslaget skulle klare å ta skalpen på heimelaget når klokka bikkar halve andre omgang.
Men som vi tidligare har nemt, har Tambarlaget ein moral dei kan være stolt over, og laget har ein tendens å kome styggleg tilbake i slutten av kampane sine. Noko vi også fekk sjå i kveld.

Og når Vegard Savland skyt ballen på heil volley over keeper og i lengste hjørne i det 72.minutt, får laget og publikum trua på at dette kan gå. Målet kjem etter at Gio sler ballen inn i feltet, der Einar By vinn ballen i ein duell og der altso Vegard klinker ballen i nota.

Stemninga steig i taket berre to minutter seinare, då Kristoffer Hundershagen set ballen bak Dalekeeperen og utligner til 3-3. I forkant av målet vert ein Dalecorner klarert av Tambar, og der Andrè Sølvberg får ballen og set fart framover. Andrè passer vidare til Vegard som på si side legg ei lissepasning til Kristoffer Hundershagen som er på full fart framover på sin høgrekant. Skrått på mål klinker han ballen bak keeper og i nota til jubel både på og utafor bana.

Tambar er verkeleg på hugget no, og kjem til fleier sjanser og lager skikkeleg kaos i Daleforsvaret. Ikkje vart det fleire mål. Og ikkje vart det straffe, noko vi meiner Vegard vart snytt for då han vart felt innafor sekstenmeteren heilt på tampen av kampen.

Tambar tek sitt fyrste poeng i årets sesong, etter at laget på ein mesterleg måte hentar oppatt Dale si 3-1 leiing. Kanskje eit greit resultat, men både spelarar og trenar var nok litt skuffa over at ikkje dei mange og store sjansane på slutten av kampen gav uttelling.

Onsdag 30.april venter ein tøff bortekamp for Tambar. Då møter dei Fjøra på Fosshaugane Campus.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse