Tambar møter Dale i 4.divisjonskamp på stadion i kveld

Det vert ein historisk kamp på Naustdal stadion i kveld, då a-laget for fyrste gong i historia rykker ut på grasmatta for å spele 4.divisjonsfotball. Laget tek imot travarane frå Dale, som har desto meir fotballkultur enn heimelaget kan varte opp med.

I den fyrste serierunden tapte Tambar med knepne 3-2 mot Skavøypoll. Laget frå Vågsøy er tippa heilt i toppen av divisjonen denne sesongen, men vart i perioder utspelt av Tambar. Og finn laget att noko av kvalitetane dei hadde i andre omgangen mot seriefavoritten, kan det bli mykje jubel på stadion fredag kveld.

Dale åpna med 1-5 tap mot Florø 2, og vil nok prøve å rette opp att det sure tapet frå åpningskampen på heimebane. Dale og Tambar møttes i treningskamp i vinter, der Tambar trekte det lengste strået i den kampen med 2-1 seier.

Vi håper folk i bygda kjenner si besøkelsestid og møter opp på Naustadl stadion i kveld. Det unge Tambarlaget treng all den støtte dei kan få i sin fyrste heimekamp i sin fyrste sesong i 4.divisjon.

Andre kampar 4.div:

Kaupanger-Sandane
Sogndal 3-Skavøypoll
Årdal 2-Høyang (søndag)
Florø 2-Fjøra (mandag)
Vik-Førde 2 (mandag)

MEIR OM A-LAGET: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-2014.html

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse