Godkjent av Tambar mot seriefavoritten

Ørjan Vikum og Einar-Andrè Alsaker i dagens kamp.

Tambar fekk det som venta tøft i sin debutkamp i 4.divisjon mot ein av seriefavorittane, Skavøypoll, på Eid Idrettspark i kveld. Med baklengs allerede etter 6 minuttar, fekk laget ein tung start på sin fyrste kamp i divisjonen.
Skavøypoll var det beste laget i fyrste omgang, og leda 2-0 til pause. Etter kvilen fekk vi sjå eit meir aggresivt og velspelande Tambarlag der dei i siste halvdel av andre omgang pressa heimelaget og skapte flust av sjansar. Utruleg nok vart det berre to nettkjenningar for Tambar, der Vegard åpna scoringskontoen med to mål.

4.divisjon
SKAVØYPOLL-TAMBAR 3-2 (2-0)

1-0 Vegard Rangsæter (6.min)
2-0 Asle Eldevik (31.min)
2-1 Vegard Savland (55.min)
3-1 Jon Haukur Haraldsson (58.min)(str)
3-2 Vegard Savland (89.min)(str)

BILDER: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagSkavYpollTambar110414
BILDER (haugenfotball.no): http://www.haugenfotball.no/fakta140411skavoypolltambarskjelvar.html


Tambar fekk ein kjedeleg inngang til dagens kamp, då laget missa ferja dei hadde planlagt å ta. Dette gjorde at laget fekk nokre hektiske minutter før kampen starta til oppvarming og forberedelser, og vi får skulde på dette når vi allerede etter 5-6 minuttar spel får eit mål i fleisen frå Skavøypoll.

Etterkvart vart Tambarlaget meir varme i trøya, men vi savna fortsatt aggresiviteten og godspelet vi er vande å sjå frå laget. For sjølv om laget kom til fleire gode sjansar, med blandt anna Einar, Vegard og Gio, var heimelaget hakket kvassare i denne omgangen. Kanskje kamputviklinga hadde vorte noko annaleis om Einar hadde fått den straffen han skulle hatt tidleg i omgangen?

I andre omgang fekk vi endeleg sjå det vi ville sjå frå eit godt Tambarlag. Laget tok over initiativet i kampen i denne omgangen, og var det klart beste laget. Tambargutane hadde funne tilbake til gøtset vi ikkje heilt såg i første, gode bevegelser og mykje flott spel, gjorde at laget etterkvart kom til utallige sjansar.

I det 55 minutt åpna Vegard scoringskontoen for i år, då han set ballen bak heimekeeper Yngve Furnes. Men jubelen stilna dessverre kjapt i Tambarleiren, for berre få minuttar etter Tambarreduseringa får heimelaget tildelt straffespark. At ikkje dommaren gav Tambar frispark i situasjonen i forkant, skjøna verken linjedommar eller nokon andre noko av.

Tambar fortestte køyret etter at Skavøypoll hadde gått opp i 3-1 på straffe, og pressa Vågsøylaget langt tilbake på bana. Ein periode hagla det med sjansar til Tambar, og berre eit godt heimeforsvar og ein god keeper gjorde at ikkje Tambar sette fleire ballar i nota.

Straffe til Tambar vart det då Vegard på ny var i farta og vart felt på veg gjennom. Straffa sette han sjølv utagbart til høgre for keeper, og Tambar er oppe i ryggen på Skavøypoll med 2-3. Tambar har ikkje gitt opp håpet om poeng i kampen, og trøkker skikkeleg på dei siste fem minutta. Iben får siste sjanse til å utligne fem minutter på overtid, men dessverre går ballen like utafor mål.

Sjølv om det vart eit knepent tap for Tambar i sin debutkamp i 4.divisjon, kan laget være nøgd med dagens kamp mot eit bra lag frå Skavøypoll. Særlig andre omgang lukta det i perioder svidd av laget, der dei har komandoen i kampen og skapar svært mykje framfor målet til heimelaget. Vi gledar oss allerede til neste kamp, og håper kretsen stiller med god dommer og linjemenn til den kampen.

Tambar :

Bevludin Omic
Joakim Søraas
Gunnstein Vefring
Espen Langedal
Nicolai Sundbye
Andrè Sølvberg
Ørjan Vikum
Marius Ghiorghita
Andreas Brandsøy
Einar-Andrè Alsaker
Vegard Savland

Andreas Vatne
Henrik Hundershagen (frå 78.min >Andreas Brandsøy)
Iben Andrè Munkvold (frå 78.min >Einar-Andrè Alsaker)
Olav Hundershagen
Tore Klopstad
Øystein Bøyum (frå 32.min >Nicolai Sundbye)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse