Kampdag!

Tambar sitt a-lag reiser i dag til Nordfjordeid og gjer seg klar for sin aller fyrste kamp i 4.divisjon nokon sinne. Laget møter ein av favorittane i divisjonen i sin fyrste kamp, og Skavøypoll vert ein skikkeleg eldprøve for våre lokale heltar.

Tambar reiser til Nordfjord med heile 18 mann i stallen, blant anna med to keeperer. Kven av desse 18 som stiller opp på bana før avspark, har enno trenar Jan Magne Langedal ikkje sluppe ut av sekken. Men slik vi ser troppen, er det jamt gode spelarar trenaren har å rutte med i sin debutkamp i 4.divisjon. Tambar har fleire nye spelarar til årets sesong, og fleire av desse vil nok få sin fyrste kamp i den gule Tambardrakta i dag.

Kampen skulle egentlig gått på Skavøypoll si heimebane. Men der vert det akkurat no lagt nytt kunstgras, og kampen vert med det spelt på Eid Idrettspark med kampstart kl.19.00.

Tambar sin kamp mot Skavøypoll kan du fylje på Firda Live: http://www.firda.no/fotball/live/


Andre kampar i 4.div, og vi tippar det endar slik:

Kl.18:00 Fjøra-Vik (Vårt tips: H )
Kl.18:00 Høyang-Kaupanger (Vårt tips: U )
Kl.19:00 Førde 2-Årdal 2 (Vårt tips: H )
Kl.19:00 Dale-Florø 2 (Vårt tips: B )
Kl.19:00 Sandane-Sogndal 3 (Vårt tips: H )

TROPPEN TIL TAMBAR:
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Bevludin Omic
Einar-Andrè Alsaker
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Iben Andrè Munkvold
Joakim Søraas
Marius Ghiorghita
Nicolai Sundbye
Nikolai Stølsvik
Olav Hundershagen
Tore Klopstad
Vegard Savland
Ørjan Vikum
Øystein Bøyum

MEIR OM TAMBAR A-LAG:

Les mer: A-lag 2014


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse