Klar for fyrste kamp i 4.divisjon - møter Skavøypoll fredag

Vi er snart klar for historiens fyrste kamp for Tambar i 4.divisjon. Fredag 11.april dreg trenar Jan Magne Langedal og det ferske 4.divisjonslaget til Nordfjord og møter eit av divisjonens antatt sterkaste lag, Skavøypoll.

Laget frå Vågsøy hadde ein stabil sesong i fjorårets 4.divisjon, der dei har mange sterke resultat å vise til, blant anna 2-1 seier mot Florø 2 på bortebane og 4-0 mot Førde 2 på heimebane. Vi kjenner lite til kva spelarstall laget stiller med komande sesong, men tradisjonens tru trur vi laget også i år vil kjempe i toppen av divisjonen.

Jan Magne og gjengen hadde som vi hugsar ein forrykande og spennande sesong i fjorårets 5.divisjon. Laget kjempa med Eikefjord heilt til siste kamp, og vann som kjent avdelingen ein skotupp og eit poeng framfor dei oransjekledde ut forbi tunnelen.

Årets treningskampar har vist at Tambarlaget kan skape trøbbel for dei fleste laga i årets debutsesong i 4.divisjon. No er det forskjell på treningskamp og seriekamp, men med fire seierer av fire mulige, der tre har vore mot divisjonskollega Dale, Høyang og Sandane, ber preg av optimisme i Tambarleiren for tida.

Laget får det slettest ikkje lett i sin debutkamp på fredag, ein kamp som vil kreve mykje av spelarar og laget om ein skal ha forhåpningar om å ta med poeng tilbake til Naustdal. Men samtidig er det dette som har kjennetegna eit godt Tambarlag den siste tida, der spelarane har vist ein god lagmoral og fandenivoldsk jobbing kampen igjennom, noko som kan vise seg å bli avgjerdande også i kampen mot dei meir erfarne 4.divisjonsfararane Skavøypoll.
I Tambartroppen er humøret på topp, der både spelarar og trenarteam gledar seg til å kome i gang. Det gjer vi også!!

VÅRT TABELLTIPS 4.DIVISJON 2014:
Fjøra har, som Tambar, fått ein del nye forsterkningar før årets sesong, og vi har trua på at begge desse laga får ein god sesong. Mulig vi tipper meir med hjarte enn med hovudet ang. Tambar, men har god tru på at laget kan overraske både den eine og den andre …..
Med Florø 2 og Førde 2 veit ein aldri kva lag dei stiller med frå kamp til kamp, då dei kan hente spelarar frå divisjonane under og over. Vik , som spela i 3.divisjon i fjor, har mista fleire sentrale spelarar før denne sesongen. Vi trur både Dale og Høyang vil måtte slite i nedre sjikt av tabellen i år.

1.Fjøra
2.Skavøypoll
3.Førde 2
4.Florø 2
5.TAMBAR
6.Sandane
7.Vik
8.Kaupanger
9.Sogndal 3
10.Årdal 2
11.Dale
12.Høyang

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse