Ytterliggare to nye spelarar før overgangsvinduet vart stengt

Som vi tidligare har meldt, hadde Tambar sitt a-lag forhåpningar om å signere fleire spelarar før overgangsvinduet vart stengt 1.april. På nest siste dag før fristen gjekk ut, vart det klart at to nye spelarar er klare for spel for Tambar i årets 4.divisjon.

Både Martin Dvergsdal og Øystein Bøyum har takka ja til å bli med Tambar i årets sesong. Martin Dvergsdal er tidligare Førdespelar, og har sin styrke på bana som forsvarsspelar. Øystein Bøyum spela nokre kampar for Eikefjord i fjorårssesongen, og har tidligare vore i stallen til 3.divisjonslaget Tertnes. Spelarstallen til Tambar er dermed oppe i 21 spelarar, og står bra rusta til ein lang og spennande sesong.

Meir info om Tambar sitt 4.divisjonslag: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-2014.html

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse