Ny spelar klar for Tambar

Tambar sitt 4.divisjonslag har fått nok ein forsterkning før sesongen startar 11.april. Tidligare Førdespelar Einar By signerte onsdag kveld for bygdas nyopprykka lag, og trenar Jan Magne Langedal er særs nøgd med dette. Einar By trivst best som midtbanespelar, ein posisjon han kom godt ifrå i treningskampen Tambar hadde mot Sandane sist søndag.

I tillegg til By, signerte nok ein offansiv spelar for Tambar tidligare denne månaden. Tidligare Askvoll/Holmedal spelar Einar Andrè Alsaker kom då inn i Tambartroppen og har vist gode takter for laget i Tambar sine to siste treningskampar. Alsaker spela i fjor for Florø SK, og scora jamt med mål i fjorårets 5.divisjon.

Overgangsvinduet stenger for spelaroverganger 1.april, og styret i Tambar Fotball har forhåpningar om at endå ein eller to nye spelarar vil bli klar før fristen går ut.

BILDE: Einar By og trener Jan Magne Langedal er nøgd med signeringa.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse