Vegard scora tre då Tambar vann 4-3 mot Sandane

Tambar vann sin fjerde treningskamp av fire mulige, då dei i dag vann 4-3 mot divisjonskollega Sandane på Naustdal stadion. Til pause var stillinga 2-2, etter at heimelaget var i leiinga to gonger. Vegard Savland scorar heile tre mål for Tambar i dagens kamp, og der ein av nysigneringane til Tambar, Einar-Andrè Alsaker, scorer sitt fyrste i Tambardrakta.

Treningskamp
TAMBAR-SANDANE 4-3 (2-2)
Naustdal stadion

1-0 Vegard Savland (8 min)
1-1 Jonas Denk (14 min)
2-1 Einar-Andrè Alsaker (35 min)
2-2 Tomas Dyrrdal (str. 37 min)
2-3 Sebastian Bujnicki (63 min)
3-3 Vegard Savland (21 min)
4-3 Vegard Savland (86 min)

Dommar: Marianne Laugerud, Førde.
Assistentdommarar: Sylvester Janczura og Eirik Johnsen, begge Førde.

BILDER TAMBAR-SANDANE: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarSandane230314

Tambartropp:

Bevludin Omic
Nicolai Sundbye
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Joakim Søraas
Einar-Andrè Alsaker
Einar Bye
Henrik Hundershagen ( Iben Munkvold frå 60.min)
Andrè Sølvberg
Marius ”Gio” Ghiorghita
Vergard Savland

Jørgen Helgheim
Iben Munkvold
Nikolai Stølsvik
Ola Frøyen


Tambar viste liten respekt for gjestane frå Gloppen i dagens kamp, og tok initiativ og komandoen i kampen allerede frå start av. Berre få minutter ut i kampen var laget frampå og gjorde det surt for gjestane sin keeper, men utan å få ballen i mål. Men det skulle ikkje gå mange minuttane før kampens og Tambars fyrste mål var eit faktum. Vegard Savland gir aldri opp ein ball, og det gjorde han heller ikkje i dette tilfelle. Han plukkar ballen frå ein Sandaneforsvarer, set fart, rundar keeper og 1-0 etter 8 minutter er eit faktum.

Men Sandane dette ikkje i hop av den grunn, og kjem noko meir med i kampen etter Tambarscoringa. Sjølv om det er ein feil frå Tambar som gjer at Jonas Denk kjem på skuddhold etter 14 minutter, må vi innrømme at målet var flott etter skot frå 18-20 meter plassert i høgre hjørne for Tambarkeeper Bevludin Omic.

Tambar fortset køyret mot gjestane sitt mål, og viser mykje god fotball og innsats i duellane. Laget kjem til fleire gode sjanser, og hadde vel fortent at ballen hadde funne maskene ved eit par tilfelle. Men ein måtte vente til det 35.minutt før neste Tambarscoring. Nok ein gong er Vegard på veg gjennom, men Sandane sin gode keeper fekk avklart i fyrste omgang. Ballen hamna like utafor 16 meteren, der Einar-Andrè Alsaker får tida han treng. Med ein kontrollert høgrefot lobbar han ballen over alt og alle og 2-1 leiing er eit faktum.
Samme Einar-Andrè er også involvert i målet Sandane får berre minuttet etter. Ballen sneier innom handa til nyervervelsen til Tambar inne i Tambars 16 meterfelt, og dommar vèl å peike på straffemerket. Den elles så gode Bevludin må sjå ballen gå inn ved stolperota, og var sjølv noko irritert, då han hadde halve handa på ballen. Dermed hadde Sandane på ny utligna, og stillinga 2-2 heldt seg til pause.

I andre omgang var det Sandane som starta friskast, og tok meir initiativ i kampen. Laget frå Gloppen spela god og kjapp fotball, og Tambarspelarane vart i perioder springande i mellom. I denne perioden skapte bortelaget ein del trøbbel for eit elles så godt forsvar, og det var lite å sei på at gjestane ved Sebastian Bujnicki gjekk opp i ei 3-2 leiing etter 63 minutter.

Tambar har både i fjoråret og i treningskampane i år, vist god lagmoral og ”gøts” når det buttar litt imot. Også slik i dag. Laget kjempar seg tilbake i kampen, og tek etterkvart over initiativet og spelar Sandane djupe.

Eit angrep teke rett utifrå fotballens a-b-c håndboka viser Tambar etter 71 minutter. Andrè Sølvberg dreg av eit par spelarar og kjem seg ned på kortlinja. Her legg han ein hard og presis pasning til Vegard som har sett på turboen og dunker ballen utagbart forbi keeper.

Tambar er no inne i ein god periode, og kjem til mange sjanser etter angrep frå begge kanter. Vegard er heilt igjennom då han får straffe etter å ha blitt felt på femmeteren, og dommer Laugerud har ikkje anna å gjere enn å peike på straffemerket. Vegard tek straffa sjølv, men ballen hamnar dessverre i stolperota og sprett ut over kortlinja.

Angrep to tatt ut av fotallens a-b-c håndbok, kjem berre med få minutter att av kampen. Ein glimrande stikkball frå Iben Munkvold, og eit glimrande løp av Vegard på venstrekant, gjer at Vegard kjem åleine med keeper. Med ein iskald lobb over keeper og i nota, set Vegard eit fantastisk punktum i dagens kamp.


Sjå kva Sandane skriv frå dagens kamp: http://www.stilfotball.no/



 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse