Tambar spelar treningskamp mot Sandane på Naustdal stadion

Tambar sitt 4.divisjonslag spelar sin fjerde treningskamp for vinteren, då dei møter divisjonskollega Sandane til kamp på søndag. Laga møtes etter planen på Naustdal stadion, noko som vert Tambar sin fyrste treningskamp heime i år.

Tambar har hatt gode treningskampar tidligare i år, der dei har vist mykje bra fotball og god målteft. Laget har vunne alle sine tre kampar, der resultata har blitt fyljande:

Askvoll/Holmedal-Tambar 0-5
Høyang-Tambar 1-4
Dale-Tambar 1-2

På søndag trur vi at laget får endå bedre motstand enn kampane tidligare i vinter, då Tambar møter Sandane. Gloppenlaget spela i 4.divisjon også i fjor, og hamna til slutt på ein 6.plass. Laget har som mål i år å kjempe i toppen av divisjonen, og har nok ambisjonar om tredjedivisjonspel innan rimeleg kort tid.

Møt opp på Naustdal stadion søndag kl.13:45 og ta ein kikk på dei to 4.divisjonslaga.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse