Tambar med tredje strake seier - slo Dale 2-1 i dag

Tambar sitt 4.divisjonslag vann på ny treningskamp mot ein divisjonskollega, då dei vann 2-1 mot Dale på bortebane i dag. Dermed har Tambar vunne alle sine tre treningskampar dei har spela i år, der samtlige kampar har vore spelt på bortebane.

Dale starta kampen best, og det var greit at laget leda 1-0 til pause. I andre omgang heva Tambar seg nokre hakk, og med to scoringar av Vegard drog Tambar iland ein fortent 2-1 seier.

Treningskamp
DALE-TAMBAR 1-2 (1-0)

1-0 Vegard Skår (26 min)
1-1 Vegard Savland (52 min)
2-1 Vegard Savland str (68 min)

BILDER: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagDaleTambar090314

TAMBAR:
Bevludin Omic
Andreas Vatne
Gunnstein Vefring
Espen Langedal
Joakim Søraas
Andreas Brandsøy
Ørjan Vikum
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Marius ”Gio” Ghiorghita
Vegard Savland

Ola Frøyen
Einar Alsaker


Tambar har hatt som vane å gå ut i hardt og høgt press på motstandarane i årets treningskampar, og fekk smake litt sin eigen medisin i dagens kamp mot Dale. Sjølv om kampen starta jamt, der begge lag kom til halvsjanser, var heimelaget hakket kvassare enn Tambar utover i omgangen. Tambar på si side, var noko på etterskot i presset og pasningskvaliteten var på langt nær så god og presis vi har sett av laget i dei tidligare kampane i år.

Etter 26 minuttar spel kom kampens fyrste scoring, då Dale på ei kontring sette ballen til side for Tambarkeeper Bevludin, og i mål.

I andre omgang var Tambarlaget tilbake til der vi vil sjå dei. Pasningane og pasningspelet sat no bedre, spelarane var tett opp i motspelar og vann taklingane. Dermed vart det også fleire gode angrep som vart rulla opp på begge kantar og Dalekeeperen fekk det meir travelt enn han hadde det i fyrste omgang.

Berre sju minutter (52 min) ut i andre omgang kom Tambar si utligning. Ein nydeleg pasning i bakrommet frå Ørjan, gjorde at Vegar kunne sette fart og springe frå sine tre(3) oppassarar. Med ein iskald og perfekt lobb kan Dalekeeper berre konstantere at ballen hamnar i nota bak han.

Kvarteret seinare er Vegard på ny ein trussel for Daleforsvaret. Etter nok ein god pasning frå Ørjan, blir Vegard lagt i bakken inne i feltet, og dommaren peiker korrekt på straffemerket.
Straffesparket tek Vegard sjølv, og scorer sikkert med ballen til høgre for heimkeeperen.



Tambar spelar ein bra andre omgang, der laget tek meir og meir over banespelet. Laget finn også tilbake til det gode spelet vi har sett frå laget i tidligare kampar, og skapar mange sjanser i andre omgang. Dale er nok det beste laget Tambar har møtt i år, der vi forstod at dei hadde mønstra stort sett alle spelarane sine til dagens kamp.

På ny ser vi ein trygt og godt deffensivt arbeid i Tambarlaget, der Gunnstein og Espen har god kontroll i midtforsvaret, enten ballen kjem i lufta eller på bakken.Dette gjer det også enkler for keeper Bevludin, som viser tryggheit og ro, og klasse med fleire gode redninger. På kantane gjer Andreas Vatne og Joakim jobben sin, der Joakim er flink å bli med på den offansive biten. Andreas er fortsatt ikkje hundre prosent i foten, men gjer eit godt stykke arbeid så lange han klarer. Han må gå ut på slutten av fyrste omgang for ein kvil, men kjem innatt i andre og er med å bidra til dagens seier.

På midbana jobba Ørjan godt i dag, der han krigar godt og vinn mange dueller. I tillegg har han ein god pasningsfot, og er nest sist på 1-1 scoringa til Vegard. Henrik jobbar som vanleg godt, og er blitt meir krigersk enn vi har sett han før. Andrè får i perioder vist kva ballkunstnar han er i dagens kamp, men er ikkje heilt ”venn” med ballen ved alle høve i dag. Andreas Brandsøy er også ein ballkunstnar Dalespelarane hadde problemer å temme i perioder, men dessverre må han ut på slutten av første omgang på grunn av strekk.

På topp hjå Tambar finn vi krafspissane Vegard og Marius ”Gio”. Marius blir bedre og bedre i Tambardrakta, og i tospann med Vegard, vert desse to ein stadig trussel for alle forsvar i årets sesong. Også i dagen kamp ser vi at forsvararane må ty til ulovlegheiter for å stoppe Vegard når han byr dei opp til "dans".

Tambar har i dag med seg to nye spelarar til kampen mot Dale. Ola Frøyen som spela gutelagsfotball for Tambar i fjor, kjem inn på slutten av fyrste omgang. Ola greier seg bra i forsvaret, og er nok ein spelar vi får sjå meir til i årets sesong.

Einar Alsaker er frå Askvoll, men spela i fjorårssesongen i Florø. Einar kom også inn på slutten av fyrste omgang, og med sin fart og arbeidskapasitet vil nok laget få glede av hans kvaliteter denne sesongen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse