A-laget spelar treningskamp mot Dale i morgon

Tambar spelar i morgon sin tredje treningskamp for året, då dei møter 4.divisjonskollega Dale til kamp på heimelaget sitt nye kunstgras på Dingemoen stadion.

Dale spela i 4.divisjon også sist sesong, og sikra seg ny kontrakt i divisjonen med god margin til tross for at laget tapte 6-0 i dei to siste kampane sine mot Florø 2 og Eid. Dale hamna til slutt på ein 8.plass med 25 poeng.

Sist Tambar spela mot Dale, var rundt desse tider i fjor i ein treningskamp spelt i Eikefjord. Laga var også då divisjonskollegaer. Tambar som ferskt 5.divisjonslag, etter å ha fått plassen i divisjonen etter at Stadtlandet måtte trekke sitt lag frå 5.divisjon. Dale på si side rykka ned frå 4.divisjon etter endt 2012 sesong, og hadde nok planer om å rykke fortast mulig oppatt i fjerde. Og det skjedde nok fortare enn dei kunne drøymt om, då dei fekk overta 4.divisjonsplassen til Saga.

Med to gode treningskampar mot Askvoll/Holmedal (5.div) og Høyang (4.div) tidligare i år, vert det spennande å sjå om trenar Langedal sine men er stand til å tukte Dale på eige gras. Kva lag Tambar stiller med mot Dale søndag, veit vi ikkje enno.

Kampstart på Dingemoen er kl.14:00.

BILDER TAMBAR-DALE 23.02.13: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarDale23022013

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse