Tambar med god kamp mot Høyang - vann 4-1

Tambar var sin andre treningskamp for året, då dei vann 4-1 mot divisjonskollega i 4.divisjon, Høyang. Ved pause var stillinga 1-0 til Tambar.

Treningskamp
HØYANG-TAMBAR 1-4 (0-1)
Sletta kunstgrasbane

0-1 Vegard Savland
0-2 Iben Munkvold
0-3 Marius ”Gio” Ghiorghita
1-3 Høyang
1-4 Andrè Sølvberg

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagHYangTambar010314

TAMBAR:
Olav Hundershagen
Joakim Søraas
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Nicolai Sundbye
Andrè Sølvberg
Henrik Hundershagen
Marius Hallem
Andreas Brandsøy
Marius ”Gio” Ghiorghita
Vegard Savland

Innbytterbenk (alle fekk speletid):
Ørjan Vikum
Andreas Vatne
Jørgen Angvik
Iben Munkvold

Med glimrande spelevær på Sletta kunstrasbane i Høyanger, låg alt til rette for at det skulle bli ein flott fotballdag denne laurdagen i industribygda ved Sognefjorden. Noko det også vart, i allefall når ein har Tambarblillene godt plassert på nasa.

Tambar tok grep om kampen frå fyrste spark på ballen, eit grep dei kom til å halde heile fyrste omgang. Tambarlaget var skikkeleg tente og godt på høgget, akkurat slik ein Tambarsupporter ynskjer å sjå laget sitt. Med godt spel og fine kombinasjoner, føregjekk mykje av spelet på heimelaget sin banehalvdel store delar av den fyrste omgangen.

Berre tre minutter ut i omgangen får Høyange eit varsku om at Tambar ikkje ville gi ved dørene i dag, då Vegard er frampå med eit skot som går til sides for mål. Og dette skulle berre bli starten på ein svært god periode for gjestane, og det var fullt fortent då Vegard runda keeper og sette inn 1-0 leiing til Tambar etter om lag 14 minutter. Flott mål, og krempassning frå Andrè i forkant.

Utover omgangen fortset laget med fart, gode bevegelsar og presisjon i passningsspelet. Ved balltap er spelarane flinke og gode å vinne ballen tilbake, og luftstyrken til laget er etterkvart blitt glimrande på mange av spelarane på dette laget.

Det var ikkje scora fleire mål i omgangen, der Tambar hadde fortent meir enn det eine dei fekk. For med to stangskot og ei straffe Tambar ikkje fekk, beskriv dette litt av trøkket laget hadde på vertane i første. Og ikkje minst bør det nemnast at Tambarkeeper Olav Hundershagen hadde ein svært rolig omgang. Vi kunne ikkje registrere at han fekk eit skot mot seg i 1.omgang.

Høyang får tildelt straffespark tildleg i andre omgang, og har muligheit til å utligne til 1-1, etter at Thomas Frichsen vart felt innafor sekstenmeteren. Men med straffebom, står det fortsatt 1-0 til Tambar.

Tambar fortset andre som dei gjorde i første, med hardtarbeidande spelarar som viser mykje godt spel. Med godt spel kjem også sjansane, og laget kom til utallige muligheiter framfor Høyangmålet.

Iben hadde ikkje vore mange minuttane på bana før han scora sitt første mål for året. På Iben-vis kjempa han med keeper om lærkula. Og som Iben som oftast gjer, går han seirande ut av slike dueller. Det gjer han også her og dermed er Tambar oppe i 2-0.

Ein hardarbeidande Gio ville også være med på målshowet innerst i Sognefjorden. Etter å ha fått servert ein glimrande pasning frå Ørjan, dreg han seg heilt igjennom Høyangforsvaret og putta sikkert etter å ha lurt keeper. Dermed var Tambar no oppe i 3-0 leiing, ei leiing som ikkje var eit mål for mykje.

At Høyang reduserer til 1-3 etter halvtimen spelt i første, gjer ikkje det grann. For når Andrè på sitt magiske vis dreg seg forbi alt og alle på sin venstrekant og set ballen sikkert i nota, kan Tambarspelarane være svært nøgde etter ein godt gjennomført kamp mot divisjonskollega Høyang.


Bilder frå kampen: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagHYangTambar010314

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse