Tambar spelar treningskamp mot Høyang lørdag

Tambar spelar sin andre treningskamp for året, då dei lørdag vender nasen mot Sogn og møter 4.divisjonskollega Høyang.

Som kjent vart det ein konfortabel seier til Tambar i deira første treningskamp, då dei vann heile 5-0 mot Askvoll/Holmedal. Noko bedre motstand forventer vi at Tambarlaget får i kampen komande lørdag. Høyang har lange fotballtradisjoner, og er ein klubb som har si fartstid i 3. og 4.divisjon i mange år.
Høyang har spela to treningskampar i år, der dei vann mot Dale i den første. Sist mandag vann Høyang med heile 7-0 mot Gaular.

Kva stall Tambar stiller med i denne kampen er enno noko uklart. Forhåpentlegvis har laget fleire spelarar tilgjengeleg lørdag enn dei hadde mot Askvoll/Holmedal.

Kampstart på Sletta er sett til kl.15:00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse