Marius klar for Tambar

Tambar sitt a-lag har forsterka stallen med nok ein spelar. I kveld signerte Marius Hallem for 4.divisjonsklubben, som i vinter har forsterka laget med fleire nye spelarar.

Marius er 23 år og oppvaksen i Hyen. Han starta sin fotballkarriere i heimbygda og har deretter spelt for klubbane Sandane og Eikefjord. Fram til 2013 spela han for sørlandsklubben Tobienborg FK i fjerdedivisjon. Marius likar seg best som midtbanespelar.

Vi ynskjer Marius velkommen i klubben, og ynskjer han lukke til i årets sesong som Tambarspelar !

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse