Tambar vann 5-0 mot Askvoll/Holmedal

Tambar vann med konfortable 5-0 i treningskampen mot Askvoll/Holmedal i ettermiddag. Ved pause var stillingen 3-0 til Tambar.

Treningskamp
Hilvang stadion
ASKVOLL/HOLMEDAL-TAMBAR 0-5 (0-3)

0-1 Vegard Savland (14 min)
0-2 Andreas Brandsøy (20 min)
0-3 Andrè Sølvberg (22 min)
0-4 Vegard Savland (48 min)
0-5 Marius "Gio" Ion Ghiorghita (68 min)

BILDER: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagAHILTambarTreningsk160214

Tambar sin tropp i dag:

Bevludin Omic
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Aase
Joakim Søraas
Andreas Brandsøy
Henrik Hundershagen
Andrè Sølvberg
Marius Hallem
Vegard Savland
Marius "Gio" Ion Ghiorghita

Joacim Engebø
Jørgen Helgheim
Nikolai Stølsvik
Nicolai Sundbye

Tambar sitt ferske 4.divisjonslag er godt i rute treningsmessig, og fekk ei grei gjennomkøyring i dagens treningskamp mot 5.divisjonslaget frå Askvoll. Trenar Jan Magne Langedal hadde med tre nye spelarar i dagens kamp, som trulig vil styrke stallen i årets sesong.

Tambar starta med høgt press og mykje godt spel i fyrste omgang, og laget spela seg fint fram til ein del sjansar tidleg i omgangen. Etter 14 minuttar ut i omgangen får Vegard ballen på høgre kant. Han set fart på ball og føtter, dreg seg forbi fleire AHIL-spelarar før han runder keeper og set ballen sikkert i mål. 1-0 til Tambar!

Etter 20 minutter dobler Tambar ledelsen til 2-0. Andrè snurrer rundt med to forsvarerer før han legg ut til ein umarkert Andreas, som sikkert set ballen til venster for heimekeeperen. Berre to minutter seinare er Tambar frampå igjen. Denne gongen er det Andrè som er på ferde, og med kjappe bein og kraft i skotet, har keeper ingen muligheiter til å avverge at Tambar går opp i 3-0!

Andre omgang er berre tre minutter gammal når Joakim raider framover si venstreside frå sin backposisjon. Med presist innlegg finn han Vegard, som kontrollert set inn sin andre for dagen og Tambar sin fjerde.

Marius ”Gio” får sin fyrste scoring i Tambardrakt i kveld. Han set inn Tambar sitt femte mål i kampen, då han stuper inn i femmeteren og får nikka ballen i nettmaskene. Innlegget til ”Gio” kom frå Andreas, etter god forsering på høgrekanten og presist innlegg.

Dermed kunne Tambar gå av bana med ein vel fortent 5-0 seier. I tillegg til fine mål som kom etter fint spel, er nok spelarar og trenar mest nøgd med fyrste omgang. I denne omgangen fekk laget vist mykje av det ein vart einige om på førehand, og spela hurtig og presis fotball og gode bevegelser.

Tambar starta i dag med tre nykommarar på laget. Både Joakim Søraas (venstreback), Marius Hallem (midtbane) og Marius "Gio" Ion Ghiorghita (spiss) gjorde sine saker bra i dag, og det er liten tvil at laget vil få god nytta av desse spelarane i årets sesong i 4.divisjon.

I dagens kamp starta Espen og Gunnstein som midtstoppere, med Joakim og Henrik på kvar sin vingback-plass. Nicolai tok plassen til Henrik midtvegs i fyrste, då han måtte ut med skade. Joacim kom inn for Joakim eit stykke ut i andre.

På midtbana starta Henrik H, Marius H og Andreas, Vegard og Andrè på kvar sin kant medan Marius ”Gio” fann vi på topp. Inn kom Nikolai for Marius og Jørgen for Andrè ut i andre omgang.

Heilt bakerst, mellom stengene i Tambarmålet hadde Bevludin kontroll i dag. At guten er 40+ skulle ein ikkje tru då vi såg nokre av tigerspranga hans i dagen kamp!!

På sidelinja ilag med Tambartrener Jan Magne, fann vi Helge og Frank.


BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagAHILTambarTreningsk160214

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse