Treningskamp mot Dale avlyst - spelar mot AHIL søndag

Den planlagte treningskampen mellom Dale og Tambar på lørdag, er avlyst. Dei styrande i Daleklubben hadde blinksa litt med datoane når kampen skulle spelast, og fann ut at dei ikkje klarte å stille med lag til den opprinnelige kampdagen som skulle være i morgon.

Tambar har no fått ordna ny treningskamp denne helga, då Askvoll/Holmedal stiller til kamp mot Tambar i Askvoll på søndag 16.februar.

Askvoll/Holmedal spela sist sesong i 5.divisjon avd 1, og enda her på ein 7.plass. I årets sesong i same divisjon, møter laget blandt anna Eikefjord, Bjørn og Veitastrond.

Kva tropp Tambar stiller med til kampen er enno ikkje klart.
Kampstart er planlagt til kl.14:00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse