Tambar møter Dale i treningskamp lørdag

Treningskamp:
DALE-TAMBAR
Lørdag 15.februar kl.16:00
Dingemoen stadion

Tambar spelar komande lørdag sin fyrste treningskamp for året, då dei møter 4.divisjonskollega Dale til kamp på heimelaget sitt nye kunstgras på Dingemoen stadion.

Dale spela i 4.divisjon også sist sesong, og sikra seg ny kontrakt i divisjonen med god margin til tross for at laget tapte 6-0 i dei to siste kampane sine mot Florø 2 og Eid. Dale hamna til slutt på ein 8.plass med 25 poeng.

Sist Tambar spela mot Dale, var rundt desse vintertider i fjor i ein treningskamp spelt i Eikefjord. Laga var også då divisjonskollegaer. Tambar som ferskt 5.divisjonslag, etter å ha fått plassen i divisjonen etter at Stadtlandet måtte trekke sitt lag frå 5.divisjon. Dale på si side rykka ned frå 4.divisjon etter endt 2012 sesong, og hadde nok planer om å rykke fortast mulig oppatt i fjerde. Og det skjedde nok fortare enn dei kunne drøymt om, då dei fekk overta 4.divisjonsplassen til Saga.

Tilbake til teningskampen i fjor, så var det ein oppløftande kamp for ferske 5.divisjonsspelarar frå Tambar. Sjølv om Ponduslaget frå Dale vann 3-1, viste Tambar at laget vart å rekne med i 5.divisjon i 2013-sesongen. Noko som til dei grader stemte!

Kva lag Tambar stiller med til treningskampen no på lørdag, er vi enno litt usikre på. Men vi veit at trener Langedal har planer om at lagets to nysigneringar er med. I tillegg er nok ein spelar på veg inn i Tambarstallen, og truleg får også han vise seg fram i denne kampen.

Om du har planer om å ta turen ut til Dale og heie på Tambar, gjer vi oppmerksom på at Tambarkarane spelar i svart denne dagen. Hadde vore dumt å reise så langt, for så å heie på dei gulkledde Dalespelarane!

BILDE: Frå treningskampen mot Dale i fjor vinter.

SJÅ BILDER TAMBAR-DALE 23.02.13: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/ALagTambarDale23022013

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse