Eikefjord møter Bremanger i treningskamp i morgon

Foto: eikefjord-fotball.no

Tambar sin divisjonskollega i fjorårets sesong, Eikefjord, spelar i morgon sin fyrste treningskamp for året. Dei oransjekledde får besøk av Bremanger på krøllgraset i Eikefjord.

Eikefjord måtte på leit etter ny trenar etter sist sesong, då Trond "Ukkas" Olsen forlot bygda og klubben på andre sida av tunnellen. Klubben trong ikkje gå langt for å hyse inn ny trenar, som dei fann han i eigne rekker. Håvard Mjølkeråen har nemlig teke på seg trenargjerninga for laget denne sesongen, og vert med det spelande trener for Eikefjord i 2014 sesongen.

Bremanger som sleit på nedre halvdel i fjorårets 5.divisjon, har allerede komen i gang med treningskampar i år. Laget tapte tidligare i år 2-1 mot Tempo.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse