A-laget med ny spelar i troppen

Tambar Fotball sitt 4.divisjonslag signerte i kveld ein ny spelar inn i troppen. Ørjan Vikum har takka ja til å bli med a-laget til Tambar denne sesongen, og vart på kveldens trening ønska velkommen av leiar i fotballgruppa, Bjørn Hundershagen.

Ørjan Vikum er Førdegut, og har tidligare spela for blandt anna Førde 2. Fjorårssesongen var han plaga med litt skade, men er no skadefri og trenings- og spelesugen. På treningane med a-laget den siste tida har han vist at han kan bli ein god tilvekst for bygdas 4.divisjonslag denne sesongen, og han har sin styrke på midtbana og i angrep.

Vi ynskjer Ørjan velkommen til Tambar Fotball!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse