Gio klar for Tambar i kveld

Tidligare Førde- og Eikefjordspelar Gio, eller Marius Ion Ghiorghita som han heiter, vart i kveld klar for Tambar Fotball sitt 4.divisjonslag. Dermed har Tambar fått ein formidabel forsterkning i angrepet. Gio viste i fjorårets sesong med Eikefjord at han veit kor målet står, og vart toppscorer for laget i 5.divisjon.

Gio seier sjølv han har fått eit godt inntrykk av Tambar etter å ha vore med laget på nokre treningar den siste tida. Styret i Tambar Fotball og trenar Jan Magne Langedal er svært nøgd med at Gio valgte Tambar komande sesong, der det formelle vart gjort i kveld mellom leiar Bjørn Hundershagen og Gio.

Vi ynskjer Gio velkommen i klubben, og ser fram til årets sesong med han i stallen. I tillegg til Gio er også fleire spelarar på veg til klubben. Desse vil vi sjølvsagt presentere her på sida når det er klart.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse