A-laget har starta oppkøyringen mot 4.divisjon

Tambar sitt 4.divisjonslag starta oppkøyringa mot sesongstart på Naustdal stadion i dag. Ettersom vinteren fortsatt let vente på seg, er det glimrande forhold på stadion for tida. På treninga i dag kunne spelarane kaste både trøye og bukse då gradestokken drog seg opp mot 10 varmegrader, og treningstilhøva er like gode som ein standard sommardag i bygda.

Tambar startar sesongen mest truleg 11.april, noko som vert klubben sin fyrste kamp nokonsinne i 4.divisjon. Utifrå framlegget til terminlista åpnar Tambar med bortekamp, og dermed vert lagets historiske heimekamp spelt på Naustdal stadion 25.april. Terminlista for 4.divisjon vert klar i løpet av veka, og vi legg den ut så fort den er endeleg.

Laget har fått inn nokre nye spelarar i troppen til komande sesong, og er fortsatt på utkikk etter fleire spelarar som kan forsterke stallen. Presentasjon av nye ansikt vil vi kome tilbake til.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse