Jan Magne Langedal fortsetter som trenar for Tambar

Årets trenar for Tambar sitt a-lag, Jan Magne Langedal, har takka ja til å fortsette som trenar for Tambar også til neste år. Spelargruppa og styret i Tambar Fotball er svært nøgd med dette, etter den suksessen laget og trenaren hadde sist sesong.

I tillegg til Langedal som hovudtrener, vert det også jobba med å få på plass ein trenar til. Dette er enno ikkje på plass, men styret håper å være i mål med dette før oppkøyringa til fotballsesongen startar i januar.

Når det gjeld spelarstallen for fotballsesongen 2014, har dei fleste av spelarane i årets stall gitt signaler om at dei vert med vidare. Men på grunn av ein del avganger i sommer/haust, tyder det på at laget må forsterkast med fleire spelarar. Allerede no har styret vore i samtale med nokre spelarar, og ein satsar på å ha 20-22 stor tropp ved seriestart.

Det vert to lokalderby for a-laget, når Tambar for fyrste gong i historia spelar 4.divisjonskampar på Naustdal stadion neste sesong. For vi finn både Førde 2 og Florø 2 i denne divisjonen, og begge laga kjempa i toppen av 4.divisjonstabellen denne sesongen.
I tillegg er Tambar sine motstandere spredt utover heile fylket, både i Sogn Nordfjord og Sunnfjord.

4.divisjon 2014:

Dale
Fjøra
Florø 2
Førde 2
Høyang
Kaupanger
Sandane
Skavøypoll
Sogndal 3
TAMBAR
Vik
Årdal 2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse