Tambar med begge laga til sluttspelet i KM

Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no .

Tambar gjorde ein framifrå innsats under lørdagens innandørs KM i Trivselshagen på Sandane, der begge laga spelte seg vidare til sluttspelet.

TAMBAR 2 enda som nummer 3 i pulje 4, og gjekk vidare til 1/8 finalen som 4.beste trearlag. Siste kamp i gruppespelet vart avgjerande for Tambar 2, der laget fekk ein mann utvist på stillinga 1-1 mot Sandane 2. Men med ein mann mindre på bana halve kampen, scora Tambarlaget heile tre mål og vann kampen 4-1.

Kvartfinalemotstander var Førde 1, med blant anna Naustdalsgut og tidligare Tambarspelar Daniel Grimeset Kvalvågnes.
Tambar 2 spela her ein god kamp der stillinga var 1-1 heilt til sluttminutta, etter ein stor kamp av Tambarkeeper Bevludin Omic, som holdt laget inne i kampen med mange klasserdningar.
Med to kjappe scoringar heilt på tampen, vann Førde 1 kampen 3-1. Alikevel kan spelarane på Tambar 1 være godt nøgd med kampen mot laget som til slutt tok KM-tittelen.

TAMBAR 1 gjekk gjennom gruppespelet utan tap, og enda som puljevinnar i lag med Florø 1. Begge lag hadde likt poeng og målforskjell, og laga spela 1-1 i innbyrdes oppgjer. Dermed måtte vinnar av pulja avgjerast på loddtrekning, der Florø 1 vann.

Tambar tok seg greit vidare frå 1/8 finalen, etter å ha banka Tornado Måløy sine beste med heile 3-1. Med litt meir tur i denne kampen kunne laget fort ha putta 3-4 fleire mål.

I kvartfinalen møter Tambar 1 på nytt Florø 1, samme lag som dei møtte i gruppespelet tidligare på dagen. Tambar får ein dårlig start på kampen, der dei må sjå to baller i nota etter få minuttar spel.
Men laget kjem att og reduserer til 1-2, etter at dei spelar Florø 1 ut etter alle kunstens reglar. Tambar satsar no mykje framover, for å få nok ei scoring. Men i stadenfor Tambarscoring, vert det spikaren i kista for Tambar då Florøgutane set inn sitt tredje mål på tampen av kampen.

Med begge lag til sluttspelet kan Tambar være nøgd med årets KM. Laga har imponert med godt spel i alle kampar, og viste med tydlegheit at dei kunne hamle opp med motstanderlaga frå både andre, tredje og fjerde divisjon i Trivselshagen på Sandane.
I tillegg er det også viktig å poengtere at Tambar stilte med berre ein innbytter på begge laga sine, noko vi såg vart belastande utover dagen med halvskada og slitne føtter.

FINALE: Førde1-Florø1 2-0


Spelarar TAMBAR 1:
Olav Hundershagen
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Andrè Sølvberg
Vegard Savland
Iben Munkvold

RESULTAT:
Jølster-Tambar1 0-3
Tambar1-Førde3 1-0
Florø1-Tambar1 1-1
Tambar1-Anga 2-2
1/8 Tornado Måløy-Tambar1 1-3
¼ Florø1-Tambar1 3-1

Spelarar TAMBAR 2:
Bevludin Omic
Joakim Engebø
Andreas Vatne
Anders Aase
Henrik Hundershagen
Jørgen Helgheim

RESULTAT:
Tambar2-Dale 0-3
Tambar2-TMFK 0-3
Førde4-Tambar1 0-3
Tambar2-Sandane2 4-1
1/8 Førde1-Tambar1 3-1

På HaugenFotball si heimeside finn du oversikt over alle kampane og ein del bilder, blandt anna frå nokre av Tambarlaga sine kampar: http://www.haugenfotball.no/fakta131123kmsenior.html

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse