Prisar til Tambarspelarar

På fotballfesten Tambar Fotball hadde på Dalen Næringssenter lørdag kveld, var det delt ut ulike prisar til spelarar på Tambar sitt 5.divisjonslag. Desse prisane vart delt ut:

Årets talent: Andrè Sølvberg
Årets ildsjel (flest treningar): Espen Langedal
Årets spelar (publikumsprisen): Andreas Brandsøy
Årets toppscorer: Iben Munkvold
Årets spelar (stemt fram av spelarane): Vegard Savland

I tillegg fekk trenar Jan Magne Langedal utmerking frå styret i Tambar fotball. Det gjorde også oppmann Helge Sølvberg og lagleiar Frank Cirotzki.
Leiar i Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen, fekk også ei påskjøning for arbeidet han har lagt ned i årets sesong.

Styret i Tambarskjelvar IL v/ Torgeir Herstad gratulerte med perstasjonane a-laget har hatt i inneværande sesong, og overrakte leiar Bjørn Hundershagen blomster.

Ordførar Håkon Myrvang gratulerte laget i sin tale, og omtala blandt anna spelarane og laget som viktige ambasadører for bygda og kommunen Naustdal.

(Klikk på bildet for å få det større)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse