A-laget med to lag på KM innandørs

KM innandørs for senior kvinner og menn vert arranget på Sandane 23.november, der den nye hallen i Trivselshagen er arena for seniorlaga i fylket. Alle klubbar tilslutta SFFK kan delta og klubbane kan stille med uavgrensa antall lag.
Arrangør er Breimsbygda IL.

Blant laga som deltek på KM, er Tambar sitt nye 4.divisjonslag. Tambar har bestemt at klubben stiller med to lag denne laurdagen på Sandane.

For ordens skuld nemner vi at det ligg bra premier i potten for laga som går heilt til topps, der vinnarlaget stikk av gårde med ein pengepremie på kr.6000.-, medan laget på andreplass vinn kr.3000.-

KM innandørs vert spelt som 5er fotball, 4 spelarar + keeper.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse