Vi gratulerer Tambar med KM-tittelen

Vi gratulerer Tambar med kretsmeistertittelen i årets 5.divisjon. I dagens avgjerande KM-finale spelte laget uavgjort 1-1 mot Årdal 2, og vann med det 5-3 samanlagt, etter at første kamp enda med 4-2 seier til Tambar.

Beviset på at laget drog i land tittelen, fekk vi sjå rett etter kampslutt då representanten frå Sogn og Fjordane Fotballkrets, Anne Vedvik, overrekte pokalen til Tambarkaptein Espen Eithun Langedal.

Også Naustdalsordføraren, Håkon Myrvang, var til stades under KM-finalen. Etter kampen hadde han nokre velvalgte ord om det gode Tambarlaget som er nokre flotte ambasadører for Naustdalsbygda. Orføraren overrakte blomster til trenar Jan Magne Langedal. Ikkje nok med det, ordføraren bladde liksågodt opp ein sjekk på kr.5000.- som er øyremerkt ein velfortent fotballfest for bygdas nye 4.divisjonslag.

KM-FINALE 5.DIVISJON 2.KAMP

Tambar-Årdal 2 1-1 (0-0) 5-3 samanlagt
1-0 Vegard Savland
1-1 Terje Kvam Øvstetun

Dommartrio: Andreas Sandal – Vebjørn Haugland og Marianne Laugerud

BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html

Dagens kamp brukar vi ikkje så mykje tid på å skildre, då det vart ein heller kjedeleg og sjansefattig oppgjer mellom dei to nyopprykka laga, og der Tambar hadde full kontroll frå start til slutt.

Litt kjedeleg må det være for Årdal 2 som ikkje klarer å stille med fult lag til ein kretsfinale, og entra i dag Naustdal stadion med kun 10 mann.

Tambar gjekk opp i leiinga etter om lag 75 minuttar spel, då Vegard Savland smelte inn eit frispark frå 24 meter klistra i høgre keeperhjørne. I tillegg hadde samme Vegard eit brassespark i første omgang som nær hadde hamna i nota.

Utligninga til Årdal 2 kom etter 83 minuttar spel, då komunikasjonsrot i Tambarforsvaret gjorde det enkelt for Årdalspissen å sette ballen i mål.

Ein rask konlusjon av kampen seier at Tambar har full kontroll på KM-finalen mot eit hardtkjempande og svært deffansivt Årdalslag, og tek for fyrste gong i historien ein KM-tittel i 5.divisjon. Laget kan no ta nokre velfortente fridagar etter ein lang og svært oppløftande sesong.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse