Tambar spelar KM finale mot Årdal 2 søndag

Fyrstkomande søndag spelar Tambar den andre og avgjerande kampen om KM tittelen når dei tek imot Årdal 2 på Naustdal stadion. I den fyrste kampen vann Tambar 4-2, og har med det gode muligheiter til å ta heim KM-pokalen og tittelen som kretsmeister i 5.divisjon 2013.

Søndagens kamp er den avgjerande kampen om KM tittelen. Om laga skulle stå likt ved full tid, vert det spelt ekstraomganger og eventuelt straffesparkkonkurranse. I begge KM-kampane har fotballkretsen sett opp både dommer og linjedommere, der desse er oppsett i kampen Tambar-Årdal 2: Dommartrio: Andreas Sandal – Vebjørn Haugland og Marianne Laugerud

Representant frå Sogn og Fjordane Fotballkrets vil være til stades på Naustdal stadion for å overrekke KM pokalen til vinnaren.


Kampprogram: https://docs.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYZi1xa1VnNGR4S0E/edit?usp=sharing

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse