5.div: Vegard scora fire då Tambar vann 4-2 mot Årdal 2

Tambar vann fyrste finalekamp om KM-mesterskapet i 5.divisjon i dag, då dei slo Årdal 2 på bortebane med 4-2.
I ein kamp der Tambar dominerte stort i fyrste omgang, scora Vegard Savland (bildet) hattrick. Med yttarliggare ei scoring i andre omgang for storscoraren, laga han alle måla i dagens fortente seier til Tambar.

KM-finale 5.divisjon 1.kamp:

ÅRDAL 2-TAMBAR 2-4 (0-3)
0-1 Vegard Savland (str)
0-2 Vegard Savland
0-3 Vegard Savland
1-3 Terje Kvam Øvstetun
2-3 Andreas Øvstetun
2-4 Vegard Savland

Dommartrio: Tor Henning Mardal – Brede Nymark og Erlend Lerheim.
Gult kort Tambar: Henrik Aase.

BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html


Tambar er eit steg nærmare KM tittelen i 5.divisjon etter at laget vann fyrste finalekamp på Cuba stadion mot heimelaget Årdal 2.
Tambar tok tak i kampen frå fyrste spark på ballen, mot avdelingsvinnarane frå Sogn. Gutane hadde bestemt seg allerde før dei gjekk ut på ei våt og tung grasbane, at her skulle dei vise kva Tambar var god for.

Og for ei oppvisning vi fekk frå eit meeeeget godt Tambarlag i dag. Her fekk vi sjå gode kombinasjoner og spelarglede frå eit heiltent og offansivt mesterlag. Spelarane gjorde akkurat det dei er gode på, dei spela ball og skapte målsjanser i bøtter og spann.

Det er vanskeleg å ikkje nemne Vegard Savland etter ein kamp der han scorer alle fire måla til Tambar, og stadig er eit uromoment og trussel for Årdalsforsvaret. At han er ei scoringsmaskin og gull verdt for Tambar, er det lite tvil om. På åtte kampar har han putta imponerande 18 mål!

Men bak og ved sida av Vegard var det mykje å glede seg over i dag, der det var høg kvalitet på det LAGET viste på Cuba-Cubana-stadion. Spesiellt kjekt er det å sjå når det funkar for alle samtidig, noko det gjorde i dag, og der laget var mange hakk bedre enn motstandaren. Faktisk var det eit godt 4.divisjonsnivå på det som vart prestert i fyrste omgang.

Etter pausen dett intensiteten til Tambarlaget litt, og heimelaget får kome meir inn i kampen. Allerede to minutter ut i omgangen får Årdal 2 si redusering, utan at Tambar får panikk av den grunn. Når heimelaget får si andre scoring og reduserer til 2-3, vert det litt meir uro i laget. I ein liten periode pressar Årdalslaget meir på, og Tambarkeeper Olav Hundershagen har no nokre avgjerande redningar.
Når målgarantisten Vegard set sin fjerde for dagen, og Tambar går opp til 4-2, vert dettte også spikaren i kista for eit kjempande Årdalslag.
På slutten kontrollerer Tambar seieren inn og har dermed teke første stikk i KM-pokalen.
Kven som til slutt kan titulere seg som KM-meister i 5.divisjon, vert avgjort neste søndag. Då spelar Tambar og Årdal 2 den andre og avgjerande KM finalen på Naustdal stadion.


Troppen mot Årdal 2:

Olav Engebø Hundershagen

Andreas Vatne
Anders Aase
Espen Langedal
Nicolai Sundbye

Andrè Sølvberg
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Henrik Aase

Bjørnar Vårdal Landsverk
Vegard Savland

Joakim Engebø
Joar Vefring
Jørgen Helgheim
Nikolai Stølsvik

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse