Tambar spelar KM-finale mot Årdal 2

Tambar spelar KM-finale mot Årdal 2, der den fyrste av to kampar vert spelt søndag 6.oktober.
Årdal 2 vann på målstreken i 5.divisjon avd.1, der laget avgjorde i siste serierunde mot Bjørn.


KM-sluttspelet blir spelt med dobbel kamp, etter følgande kampoppsett:

Kamp 1: Søndag 06.10, kl. 14.00
Årdal 2 - Tambarskjelvar (Cuba stadion, Årdalstangen)
Dommartrio: Tor Henning Mardal – Brede Nymark og Erlend
Lerheim.

Kamp 2: Søndag 13.10, kl. 14.00
Tambarskjelvar – Årdal 2 (Naustdal stadion, Naustdal)
Dommartrio: Andreas Sandal – Vebjørn Haugland og Runar
Heggedal.

SFFK er tilstades på kamp 2 for utdeling av pokal til KM-vinnar.

For kamp 2 gjeld følgande:
Dersom det er likt etter to kampar, spelast det ekstraomgangar på 2 x 15 min.
Dersom framleis likt – straffesparkkonkurranse.

Gule kort frå seriespel tar ein ikkje med seg inn i sluttspelskampane. Gjeld
ikkje soning for raudt kort.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse