Feira opprykk til 4.divisjon med sjampis !!!!

Tambar køyrde over Tornado Måløy 2 i den avgjerande kampen om opprykk til 4.divisjon og vann kampen heile 10-3.
Med ordførar, pressa og publikum til stades etter kampslutt, vart laget feira med sjampis og jubelrop.

GRATULERE, GRATULERE, GRATULERE !!!!!

Kampfakta 5.divisjon avd.2:

TAMBAR-TORNADO MÅLØY2 11-3 (4-2)

1-0 Iben Munkvold (1 min)
1-1 Tornado Måløy2 (4 min)
2-1 Andrè Sølvberg (27 min)
3-1 Vegard Savland (32 min)
4-1 Iben Munkvold (40 min)
4-2 Tornado Måløy (43 min)
5-2 Iben Munkvold (46 min)
6-2 Vegard Savland (60 min)
7-2 Vegard Savland (62 min)
8-2 Jørgen Helgheim (66 min)
9-2 Andreas Brandsøy (69 min)
10-2 Jørgen Helgheim (71 min)
10-3 Tornado Måløy (85 min)

Dommer: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll IL
Tilskuere: 83

BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html

JUBEL I GARDEROBEN ETTER KAMP: https://www.facebook.com/photo.php?v=10201445043280307

SJÅ KVA FIRDA SKRIV OM KAMPEN: http://www.firda.no/sporten/fotball/article6889895.ece

Berre eit minutt etter avspark går Tambar i føringa, i denne viktige kampen mot Tornado Måløy 2. Her handla det om seriefinale, avdelingsvinnar og opprykk til 4.divisjon , eit opprykk som i tilfelle ville være historisk for fotballen i Naustdal.

1-0 til Tambar kom rekordfort, og at det var Iben Munkvold som opna scoringsshowet på stadion denne dagen, var vel ikkje så overraskande for så manga av dei om lag 80 frammøtte på tribuna.

Men dei som trudde at dette skulle bli plankekøyring mot Nordfjordlaget, skulle måtte tru om att. Plankekøyringa kom ikkje før i andre, og før det hang Måløygutane godt med i spelet i fyrste omgang. Og allerede i det fjerde minutt var gjestane frampå og utligna til 1-1, og ville slett ikkje bli noko kasteball.

Men Tambargutane kom att og att og att utover i omgangen, og med scoringar av Andrè Sølvberg, Vegard Savland og nok ei scoring av Iben, hadde etterkvart full kontroll på Tornado Måløy. Med ei redusering til bortelaget heilt på tampen av omgangen, gjekk lag til pause med 4-2 leiing til Tambar.

I andre omgang starta Tambar og Iben som dei gjorde i første. Denne gongen sette han ei t frispark frå 17-18 meter heilt nede ved stolperota, og Tambar var no oppe i 5-2.
Utover omgangen vart dette ein maktdemonstrasjon frå heimelaget si side. Laget spela seg fram til utallige sjansar, spelarane ofra seg for kvarandre og vi fekk sjå eit Tambarlag som spela mykje fin fotball. Med ytterliggare fem mål i omgangen til heimelaget, seier det meste om ein andre omgang laget kontrollerer frå start til mål.

Toppscorer Iben Munkvold legg all tvil til side i dagens kamp, der han kvitterer med tre mål i kampen og dreg iland toppscorartittelen for Tambar. Også Vegard Savland setter inn tre i dag, og er heilt i rygg på toppscorar Iben. Imponerande av Vegard som endar på 14 nettkjenningar, når vi veit at han berre har spelt halve sesongen for suksesslaget Tambar.

Alle såg at Andreas Brandsøy hadde lyst på ei scoring i dag, og gleda var ikkje mindre då han endeleg fekk utteljing i andre omgang.

Med sitt første berøring på ball etter å ha blitt bytta inn i andre omgang, scora Jørgen Helgheim Tambar sitt åttande mål i kampen. Han enda med totalt to i kveld, då han sette inn 10-2 målet også.

På keeperplassen delte Tambar sine to gode keeperer på jobben i dag, der Bevludin Omic vokta buret i første omgang, medan Olav Hundershagen stod omgang to.

I forsvar starta Andreas Vatne, Espen Langedal, Anders Aase og Nicolai Sundbye. Litt smårusk og kommunikasjosvanskar i starten, men hadde full kontroll etterkvart. Vatne fremheva seg spesiellt, aggresiv og god, vann dei fleste dueller og god offansivt.

Midtbana var god i dag, der Andrè Sølvberg, Henrik Hundershagen, Henrik Aase og Andreas Brandsøy dominerte. Kjekt var det å sjå att Henrik Aase i god gammalt driv, etter at han starta på studier i haust.

Angrepet til Tambar er det som vanleg klasse over, der både Iben Munkvold og Vegard Savland jobbar som heltar. Alltid eit mareritt for kvart eit forsvar, og der begge spissane scorar tre mål kvar.

Innbyttarane Jørgen Helgheim, Nikolai Stølsvik, Ole Bertil Elvebakk og Joacim Engebø kjem inn i løpet av andre omgang og er med å bidra til dagens storseier til Tambar.

Tambar sitt lag i dag:

Bevludin Omic (1.omg)
Olav Hundershagen (2.omg)
Andreas Vatne
Espen Langedal
Anders Aase
Nicolai Sundbye
Andrè Sølvberg
Henrik Aase
Henrik Hundershagen
Andreas Brandsøy
Iben Andrè
Vegard Savland

Joakim Engebø (2.omg)
Jørgen Helgheim (2.omg)
Nikolai Stølsvik (2.omg)
Ole Bertil Elvebakk (2.omg)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse