Blir det 4.divisjonsspel på stadion neste sesong?

Tambar møter Tornado Måløy 2 til sesongens siste kamp i 5.divisjon avd.2 på Naustdal stadion i morgon. Dette vert også ein seriefinale for trenar Jan Magne Langedal og hans gutar, der laget med seier kan starte forberedelsane til 4.divisjonsspel neste sesong.

Før den siste runden på søndag, toppar Tambar tabellen med 32 poeng. Einaste laget som kan stikke kjeppar i hjula for Tambarlaget er Eikefjord. Dei innehar andreplassen med 31 poeng, og med seier i sin siste kamp mot Hornindal, går dei forbi Tambar. Dette betyr at berre seier er godt nok for Tambargutane i siste kamp, om dei vil kjenne på 4.divisjonsnivået til neste år.

Tambar har hatt ein svært så god sesong i årets 5.divisjon, og laget står bokført med 10 seierer på 15 spelte kamper, og stara sesongen med heile 6-0 mot Loen på heimebane. Laget har scora heile 52 mål denne sesongen og dei største seierane var 8-2 mot Florø 3 og 7-2 mot Eid 2. Elles har laget to uavgjorte og tre tap i årets serie.

Fjorten spelarar har tegna seg på scoringslista, og laget har ein målskilnad på 52-29 før siste kamp. Før kampen mot Tornado Måløy 2 i morgon, toppar Iben Munkvold toppscorarlista med 15 mål. Hakk i hel kjem Vegard Savland, som meldte overgang til Tambar før haustsesongen. Han har fram til no putta elleve mål. Rett bak Vegard, finn vi Andrè Sølvberg med ti mål. MEIR OM A-LAGET: http://www.klubbinfo.no/tambar/a-lag-menn.html

Om laget tek seieren i morgondagens kamp, vert dette ein festdag for fotballen i Naustdal. Då har ein lov å klappe kvarander på skuldera og sei at dette var toppers.

Om laget no skulle snuble i den siste og avgjerande, kan ein også klappe kvarandre på skuldera. For årets Tambarlag har gjort ein framifrå jobb i årets sesong, der ein før seriestart hadde eit utgangspunkt om å etablere seg i divisjonen.

Vi håpar og trur på seier i morgon, og gratulerer uansett trenar og spelarar med ein kjekk og underholdande sesong!!


TIPP RESULTATET: Korleis trur du kampen endar? Bli med å tipp i TAMBAR KVISSEN – vinn valgfri pizza frå PEPPES:

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse