5.div: Sesongens siste - tipp resultatet Tambar-Tornado Måløy 2

Tambar har hatt ein forrykande sesong i årets 5.divisjon, og kan gjere den flotte innsatsen komplett i sesongens siste kamp på fyrstkomande søndag. Då møter Tambarlaget Nordfjordingane frå Tornado Måløy 2, og Tambar er med seier i denne kampen sikra 4.divisjonsspel neste sesong.

Som kjent fekk Tambar plassen i årets 5.divisjon, då Stadtlandet måtte trekke laget sitt før sesongstart. Målet til styret i Tambar Fotball, trenar Jan Magne Langedal og spelarane var å halde seg i divisjonen, og etablere seg der før ein satsa høgare ved seinare høve.

Men med ein god vårsesong av laget, med ei stabil og forholdsvis stor stall og nokre forsterkingar framfor haustsesongen, vart ein einig om å endre målsettinga for laget. Som tidligare meldt har laget hatt som mål å kjempe om opprykk til 4.divisjon. Dermed fekk vi spenning heile haustsesongen inn, og søndag kan laget sjølv avgjere om det vert opprykk eller ei.

Bli med å tipp i TAMBAR KVISSEN: Kva blir resultatet i kampen Tambar-Tornado Måløy 2?

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse