5.div: Tambar inntok tabelltoppen etter dagens seier mot Hornindal

Tambar er tilbake på tabelltoppen etter at den nest siste runden er ferdigspelt. Lørdag tapte Eikefjord 0-1 mot Selje. Dermed må Eikefjordingane på ny sjå Tambarlaget føre seg på tabellen etter at Jan Magnes menn vann den vanskelege bortekampen mot Hornindal i dag.

Kampfakta 5.divisjon avd.2:

HORNINDAL-TAMBAR 3-4 (2-2)
1-0 Hornindal
1-1 Bjørnar Landsverk
1-2 Henrik Hundershagen (str)
2-2 Hornindal
2-3 Andrè Sølvberg
2-4 Andreas Brandsøy
3-4 Hornindal


Tambar møtte i dag Hornindal på bortebane i den syttande og nest siste serierunden i 5.divisjon, ein kamp som var svært viktig for begge lag.

For Tambar sin del handla dagens poengjakt om å henge med i toppen av tabellen, og ha sjanse til å bli avdelingsvinnar og rett til spel i 4.divisjon neste sesong. Skulle dei ha håp om det, var kun tre poeng godt nok i dag.

For heimelaget frå Honndalen sin del, måtte laget ha poeng for å unngå å hamne i nedrykkingsstriden, der dei i lag med laga Bremanger og Tornado Måløy 2 ligg svært utsett til.

Kampen starta på best mulig måte for heimelaget, som etter berre få minutter etter kampstart går opp i leiinga med 1-0.
Tambar lot seg ikkje affisere av dette, og Andrè Sølvberg snurra rundt med eit par Hornindalforsvarar før han serverte ballen framfor målkassa. Her var Bjørnar Landsverk klar, og kjempa inn 1-1 utlingninga og laga var like lang att når 8 minutter var spelt.

Tambar gjekk opp i 2-1 leiing etter kvarteret spelt, då Henrik Hundershagen sette straffespark sikkert i mål.

Heimelaget viste lite finspel, men slo lange ballar mot spissane sine og kjempa godt. Det gjorde dei også då dei utligna til 2-2 få minutter før pause, noko som langt frå var rettferdig ut frå spel og sjanser i denne omgangen.

I andre omgang fortsette Tambar med godt spel og gode bevegelser, og skapte mange farlegheiter framfor Hornindalskeeperen. Utteljing fekk laget då Andrè Sølvberg sette inn Tambar sitt tredje mål for dagen, og går opp til 3-2 leiing.

Det ser svært så lyst ut for Jan Magne Langedal sitt mannskap, då ein god Andreas Brandsøy set inn lagets fjerde for kvelden, og Tambar ledar no 4-2.
Medan vi ventar på nok ei scoring frå topplaget, er det heimelaget som lagar meir spenning i kampen enn vi har godt av, då dei er frampå og reduserer til 3-4 ti minutter før slutt. Men det vart berre eit skremmeskot, og Tambar kontrollerer kampen inn, og går av bana med tre svært viktige poeng.

Tambar sin tropp i dagens kamp:
Anders Aase
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Bevludin Omic
Bjørnar Vårdal Landsverk
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Iben Andrè
Jørgen Helgheim
Nicolai Sundby
Nikolai Stølsvik

Med dagens seier passerer Tambar Eikefjord på tabellen og leder no 5.divisjon med 32 poeng, medan Eikefjord ligg på andre plass med sine 31.

Siste seriekamp vert spelt neste søndag. Tambar avslutter sesongen med heimekamp mot Tornado Måløy 2 på Naustdal stadion, medan Eikefjord sin siste kamp er heime mot Hornindal.



 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse