5.div: Tambar tapte mot Eikefjord

Tambar tapte kveldens kamp mot Eikefjord med 0-4, etter at bortelaget leia 1-0 til pause.

5.divisjon
TAMBAR-EIKEFJORD 0-4 (0-1)

0-1 Marius Kjellevoll (17 min)
0-2 Håvard Mjølkeråen (58 min)
0-3 Marius Ghiorghita (62 min)
0-4 Øyvind Sørbø (65 min)

Dommer: Per Oddvar Lien, Høyang

Gult kort Tambar: Gunnstein Vefring og Bjørnar Landsverk.
Rødt kort Tambar: Vegard Savland.

Omlag hundre publikummere frå Naustdal og Eikefjord fekk sjå ein jamnspelt fyrste omgang, og der bortelaget fekk omgangens einaste mål i det 17.minutt.
Meisterleg strafferedning av Tambarkeeper Bevludin Omic, gjorde at Eikefjord berre var framfor med eit mål før pause.

I andre omgang fekk vi oppleve ketsjupeffekten, då Eikefjord sette inn tre kjappe mål i løpet av 7-8 minutter og punkterte med det kveldens kamp på stadion.

Tambar taper seriefinalen mot naboane i aust med 4-0, noko som vart ein skikkeleg nedtur for Tambarlaget. Også spelemessig butta det imot for Tambar i dag. Laget fekk berre periodevis i kampen vist kva laget er gode for, og fekk det vanskeleg mot eit lag som konsentrerte seg om å slå lange baller fram på spissane sine.

To kampar gjenstår i årets sesong i 5.divisjon, der Tambar møter Hornindal borte fyrstkomande søndag. Siste seriekamp går på Naustdal stadion 29.september mot Tornado Måløy 2.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse