- 15/9-13
- A-laget
Opprykkskamp til 4.divisjon: Tambar møter Eikefjord mandag kveld
Tambar og Eikefjord møtes til sesongens viktigaste kamp på Naustdal stadion mandag kl.19.00.
Nabo-oppgjeret mellom dei oransjekledde frå Eikefjorden og Tambargutane, er seriefinalen vi hadde drøymt om på førehand, og der vinnaren fort kan bli laget frå 5.divisjon avdeling 2 som blir å finne i neste åres 4.divisjon.
Dette er ein av dei viktigaste kampane Tambar har spelt på 10 år. Den er så viktig at skuleelevane burde få fri halve mandagen, arbeidsfolk skulle kunne gått heim etter lunsj og kyrkja kunne ha åpna lukene i kyrkjespiret og slege på klokkene frå formiddagskaffien og utover.
Før kampen ligg Tambar på toppen av tabellen, poenget meir enn Eikefjord. Laget som vinn her, får eit godt utgangspunkt for dei to siste kampane som då gjenstår.
Vi håper og trur det blir trangt om plassen på tibuna på Naustdal stadion denne kvelden, for dette kan bli svært så spennande.
TIPP RESULTATET I KAMPEN - VINN PIZZA FRÅ PEPPES!
Les mer: Tambar-Kvissen
Denne artikkelen er over seks år gammel (15/9-13) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.