5.div: Tipp resultatet i seriefinalen Tambar-Eikefjord

Mandag 16.september brakar det laus, då Tambar og Eikefjord på Naustdal stadion, ein kamp mellom naboklubbane som også blir seriefinale i årets 5.divisjon avdeling 2.

Desse to laga har fulgt kvarandre tett heile sesongen, der dei har veksla på å ligge heilt i tet på 5.divisjonstabellen. Etter siste serierunde vart det på ny skifte, der laga bytta plass på tabellen.

Det var lite tvil om kor seieren skulle hamne når Tambar vann 6-2 mot Bremanger i runde 15. Og laget kunne klatre heilt til topps på tabellen, då Eikefjord tapte 2-0 i bortekampen mot Eid 2 tirsdag kveld.

Med seier til heimelaget i denne viktige kampen mot dei oransjekledde Eikefjordingane, er Tambar på god veg mot 4.divisjonsspel neste sesong. Med tap eller uavgjort i kampen, vil det fortsatt bli uhyre spennande i dei to siste kampane i haust.

I tillegg til Tambar og Eikefjord, har også Eid 2 ein sjanse til å nå toppen, men då må laga føre dei misse på dei siste kampane sine.

Topp 3 tabell ser slik ut før runde 16 (målforskjell-poeng):
Tambar 48-22 29
Eikefjord 42-13 28
Eid 2 42-25 26

Tambar sine siste 2 kampar: Hornindal (B), Tornado Måløt 2 (H)
Eikefjord sine siste 2 kampar: Selje (B), Hornindal (H)


TAMBAR KVISSEN: Bli med å tipp resultatet i kampen Tambar-Eikefjord. Med rett resultat kan du stikke av med valgfri pizza frå PEPPES !

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse