5.div: Tambar med storseier mot Bremanger

Tambar hadde full kontroll i dagens kamp mot Bremanger på Naustdal stadion. I løpet av ein 12 minutters periode i fyrste omgang scora laget fire flotte mål, og Tambar vann til slutt kampen med konfortable 6-2.

5.divisjon avd.2
TAMBAR-BREMANGER 6-2 (4-1)
Naustdal stadion

1-0 Iben Munkvold (16 min)
2-0 Andrè Sølvberg (20 min)
3-0 Vegard Savland (24 min)
4-0 Iben Munkvold (27 min)
4-1 Bremanger (34 min)
5-1 Andreas Vatne (61 min)
6-1 Tore Klopstad (str. 83 min)
6-2 Bremanger (88 min)

Tilskuere: 54

Gult kort Tambar: Anders Aase og Kristoffer Hundershagen.
Dommer: Magne Vårdal, Askvoll og Holmedal IL

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/5DivTambarBremanger080913


Dagens Fair Play kamp mellom Tambar og Bremanger starta med eit felles møte med representanten frå Sogn og Fjordane Fotballkrets, Anne-Len Vågane. Her informerte ho spelarar, trenarar og dommer om kretsen og forbundet sitt fokus på Fair Play arbeidet.

Kampen mellom topp og botn i 5.divisjon, var jamnspela dei fyrste minutta, men heimelaget tok etterkvart styringa og komandoen ute på bana. Med godt og kjapt spel, der ballen fekk gjere arbeidet, vart det skapt ein del gode sjanser framfor Bremangerkeeperen utan at ballen fann nettmaskene.

Den berømte ketsjup-effekten fekk vi sjå etter at vi hadde passert kvarteret ut i omgangen, og ikkje overraskande var det lagets toppscorer, Iben Munkvold, som sette inn Tambar sin fyrste for dagen og heimelaget er i leiinga etter 16 minuttar spel.

Etter at Tambar hadde fått hol på byllen, kom dei neste scoringane i rasande fart: Andrè Sølvberg sender laget opp i 2-0 etter 19 minutter, Vegard Savland vil også være med på moroa, og sender Tambar opp i 3-0 24 minutter ut i omgangen. Berre få minutter etter Vegards scoring, set Iben inn sin andre for dagen og sender dei gule opp i 4-0. Då hadde stadionuret akkurat passert 27 minutter.
Felles for alle dei fire måla: nydelege scoringar!

I andre enden er gjestane frå Bremanger på sporadisk visitt, men er ikkje ufarlige av den grunn. Berre mesterlig reaksjon frå Tambarkeeper, Bevludin Omic, gjer at ikkje ballen går i nota på ein av sjansane til Bremanger.

Omlag ti minutter før pause får Bremanger si redusering. På eit frispark misser ein Tambarspelar markeringa, og Bremangerspelaren får stussa ballen over ein utspelt Tambarkeeper og stillinga er no 4-1, eit resultat som held seg til pause.

I andre omgang bytter trener Jan Magne Langedal ut mange spelarar,der alle innbyttarar får speletid, og rokkerer også ein del om på laget.

Sjølv om kampen i andre omgang på langt nær vart like fartsfylt som den vi såg i fyrste, hadde laget grei kontroll på gjestane. Laget fortsatte å produsere framfor Bremangermålet, der nokon av sjansane var svært så store.

Vi måtte vente til det 61.speleminutt før neste Tambarscoring kom. Innbyttar Andreas Vatne dunka ballen i mål frå 4-5 meter, etter eit innlegg, og sendte heimelaget opp i 6-1.

Bremanger går direkte i angrep etter avspark, og set på ny Tambarkeeper Bevludin på prøve. At ein så stor keeper kan kome seg så for ned, hadde vi ingen aning om. To store sjansar får Bremanger, der Bevludin viser reaksjon av høg klasse. Ballen hamnar til slutt i nota bak Tambarkeeperen, men dommeren har då blåst for offside på ein Bremangerspelar.

To av innbyttarane står for Tambar sin siste scoring i kampen. Nicolai Sundbye blir felt på veg gjennom Bremangerforsvaret, og dommer har ikkje anna å gjere enn å peike på straffemerket. Nok ein innbyttar gjer seg klar for å ta straffa, og Tore Klopstad gjer ingen feil då han plasserer ballen ved stolperota og i mål, 6-1 til Tambar.

Heiltpå slutten av kampen får gjestane sitt andre mål for dagen, og fastset sluttresultatet til 6-2.

Tambar sine spelarar (alle fekk speletid):

Anders Aase
Andrè Sølvberg
Andreas Brandsøy
Andreas Vatne
Bevludin Omic
Bjørnar Vårdal Landsverk
Espen Langedal
Gunnstein Vefring
Henrik Hundershagen
Iben Andrè
Joakim Engebø
Jørgen Helgheim
Kristoffer Hundershagen
Nicolai Sundby
Nikolai Stølsvik
Tore Klopstad
Torgrim Østgård
Vegard Savland




Sida blir oppdatert .....................

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse