Tettare i toppen etter at Loen rauk ut av divisjonen

Det er no endeleg at Loen er ute av årets 5.divisjon, og i den nye oppdaterte tabellen vart det jamnare mellom topp fire laga.
I toppen er det ingen endring, der Eikefjord fortsatt er hakket framfor Tambar med to poeng, med henholdsvis 28 og 26 poeng.
Bak dei to tetlaga har Eid 2 og Selje kome opp i ryggen på Sunnfjordlaga, og ligg no berre tre og fire poeng bak Tambar.

Også i den interne konkurransen om toppscorartittelen i Tambarlaget har det tetna til i haust. I vår var Iben Munkvold den klare einaren på toppscorarlista, men har fått konkurranse i haust.
Etter heimkomsten til gamleklubben, har Vegard Savland til dei grader funne nettmaskene. Han har netta i alle dei fem kampane han har starta i haustsesongen, og står med 10 fulltreffarar så langt.

Bilde: Toppscorarane Iben Munkvold og Vegard Savland, ilag med Tambarkaptein Espen Langedal.

Sjå OPPDATERT TABELL, TOPPSCORARLISTA og anna om Tambar sitt a-lag:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse