Divisjonskollega vert strokne frå 5.divisjon

Tambar sin divisjonskollega, Loen, vert mest sansynleg strokne frå årets 5.divisjon avdeling 2, etter at laget ikkje klarte å stille lag i helgas terminoppsette kamp mot Eid 2. Det er haugenfotball.no som melder dette på sine heimesider: http://www.haugenfotball.no

Også tidligare denne sesongen har Loen slite med å stille lag, då kampen mot Bremanger vart avlyst av samme grunn.

Loens lagleiar, Ivar Loen Sandbakk, bekreftar at laget no blir strokne frå 5.divisjon, ifylje haugenfotball.no.

Både Tambar og Eikefjord har vunne både heimekamp og bortekamp mot Loen denne sesongen, og begge lag misser dermed seks poeng.

Om det blir slik at Loen vert strokne frå årets sesong, vil kampane som laget har spelt til no i serien bli annullert. Laget vil etter endt sesong hamne på sisteplass i 5.divisjon avd.2, og rykke ned til 6.divisjon.

Bilde: Frå Tambar sin bortekamp mot Loen i haust.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse