5.div: Tambar vann 3-1 mot Stryn 2

To scoringar av Vegard Savland (bilde) og eit av Andrè Sølvberg gjorde at Tambar kunne gå av bana med seier og tre nye poeng i den vanskelege og viktige bortekampen mot Stryn 2 i dag.

Til pause var stillinga 0-0, der Tambar var det beste laget og hadde to-tre gode sjansar som fort kunne ha havna i nota.

5.divisjon avd.2
STRYN 2-TAMBAR 1-3 (0-0)

0-1 Vegard Savland
0-2 Vegard Savland
1-2 Stryn 2
1-3 Andrè Sølvberg

Dommer: Muhamet Barlla, Eid IL

Tambar tok ein viktig seier i dagens bortemøte mot Stryn2, og ligg fortsatt på andre plass på tabellen, to poeng bak Eikefjord.

Fyrste omgang vart jamnspelt, men der Tambar hadde dei fleste og største sjansane. Blandt anna hadde laget ein ball nesten i mål, der målstanga stod i vegen.

Tidleg i andre omgang vart det endeleg noko å juble for. Allerede etter 5 minuttar spel ut i andra omgang gjekk Tambar opp i leiinga med 1-0, etter scoring av Vegard Savland.

Halvtimen var spelt då Andrè Sølvberg snurrer rundt med eit par Strynespelarar og legg ballen femogførr tilbake til Vegar. Han set sitt andre mål enkelt i kassa og Tambar er oppe i 2-0 leiing.
Men berre få minutter etter reduserer heimelaget, og det vert med det ny spenning i kampen.

Spikaren i kista set Andrè Sølvberg, då han frå 20-30 meter dundrar ballen i mål like før kampslutt.




 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse