5.div: Bevludin klar for Tambar

Det er no klart at Tambar får ny keeper inn i stallen til haustinnspurten i 5.divisjon. Bevludin Fatima Omic og Tambar har blitt einige om at han blir med laget ut inneværande sesong, og Bevludin er speleklar til helgas bortekamp mot Stryn 2.

For dei som ikkje kjenner til den nysignerte Tambarkeeperen, kan vi nemne at han tidligare har vokta buret for Førde sitt a-lag. I tillegg har Bevludin vore landslagskeeper for Bosnia, der han har fleire kampar på Bosnia sitt U21 landslag. Så ein kan vel trygt sei at laget har fått ein sisteskanse med brei erfaring mellom stengene.

Dermed fortset Tambar med to keeperar i stallen, ettersom Olav Hundershagen også er med vidare.

Sigmund Bjørgan har måtte kaste inn handkledet og slit med ryggproblem. Dermed har han stått sin siste kamp mellom stengene for Tambar denne sesongen. Forhåpentlegvis får vi sjå han på laget att ved seinare anledningar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse