5.div: Tambar storspelte og vann 8-2 mot Florø 3

Tambar spelte ein fantastisk bra fyrste omgang i dagens kamp mot Florø 3, og kunne ha leda med mange fleire mål enn dei sju dei scora.

I andre omgang fekk gjestane kome meir med i kampen, og fekk stoppa målshowet heimelaget laga i omgangen før.



5.divisjon
TAMBAR-FLORØ 3 8-2 (7-0)
Naustdal stadion
Tilskuere: 53

1-0 Bjørnar Landsverk (3 min)
2-0 Andrè Sølvberg (12 min)
3-0 Vegard Savland (15 min)
4-0 Henrik Hundershagen (28 min)
5-0 Vegard Savland (35 min)
6-0 Iben Munkvold (43 min)
7-0 Vegard Savland (45 min)
7-1 Florø 3 (58 min)
8-1 Jørgen Helgheim (75 min)
8-2 Florø 3 (88 min)

Dommer: Terje Holvik, Sandane Turn og Idrettslag
Gule kort: Iben Munkvold og Bjørnar Landsverk.

BILDER FRÅ KAMPEN: http://www.klubbinfo.no/tambar/foto-a-lag-2013.html


Det femtitals store publikummet hadde berre fått teke seg ein sup av kaffien og ei tygge av svela, før heimelaget var frampå og kunne juble for dagens fyrste mål.

Tambar får kampens fyrste hjørnespark etter to minutter. Andrè legge ein perfekt ball inn i Florø sin målgård, der Bjørnar Landsverk klinkar ballen med pannebrasken kontant i nota.

Standaren var dermed satt, og heimelaget fortsatte køyret mot gjestane sitt mål. Her fekk vi etterkvart sjå angrepsfotball av høg klasse, og der midtbana og eit solid forsvar gjorde det behagleg for Tambarkeeper Olav Hundershagen i denne omgangen.

At det kunne bli mange mål, fekk vi ein anelse om då Tambar på ny scora to kjappe i det 12. og 15.minutt. 2-0 sette Andrè Sølverg inn, då han netta med ein kanon av eit skot frå 8-9 meter. Ei glimrande pasning frå Andreas Brandsøy gjennom Florøforsvaret, gjorde at det såg lett ut då Vegard Savland auka leiinga til 3-0, etter eit sikkert skot til side for keeper.

Med stort tempo, gode pasningar og bevegelser, rulla Tambar opp det eine gode angrepet etterfulgt av det andre. Gjestane hadde store problem å halde heimelaget unna, og neste heimescoring var dermed ikkje til å unngå.

Denne gongen var det straffemål til Tambarlaget, etter at Florø måtte ty til ulovlege midlar og felte Andrè då han var på veg gjennom innafor sekstenmeteren. Straffa sette Henrik Hundershagen sikkert i nota, og Tambar ledar no 4-0.

Vegard er frampå med si andre, og lagets femte scoring i det 35.minutt. Nok ein gong får han servert ei krempasning frå Andreas Brandsøy, set fart og lurer på ny ballen bak ein utspelt Florøkeeper.

Lagets toppsorer denne sesongen, Iben Munkvold, vil også være med på målfesten. To minutter før pause, får han servert ballen frå ein uegoistisk Vegard, og Iben gjer ingen feil og sender Tambar opp i 6-0 leiing.
Like før pause gjer Vegard omgangen komplett med ekte hat-trick, då han sender Tambar opp i utrulege 7-0 til pause.

I ANDRE OMGANG slepp Tambar gjestane meir inn i kampen, og omgangen vert på langt nær så fresh som fyrste var. Florø 3 var fyrst ute med scoring, då Olav måtte hente ut att ballen frå nettet etter tretten minuttar ut i andre omgang.

Fyrst etter halvtimen spelt i andre, fekk vi Tambars første scoring. Bjørnar var denne gongen på raid opp på høgresida og fekk lagt inn frå dødlinja. Jørgen Helgheim var på rett stad då han sette ballen kontrollert i mål, og Tambar opp til 8-1.

Heilt på tampen av omgangen fekk Florø 3 nok eit trøstemål, og kampen enda med ein konfortabel 8-2 seier til Tambar.

KJAPP OPPSUMMERING:
Tambar hadde lagt bak seg skuffelsen frå sist helg, og var klare på før dagens kamp at berre tre poeng var godt nok. Vi får sjå ein meeeget bra 1.omgang av Tambar, der innsats og spel står til karateren SEKS! At laget går til pause med heile sju mål i nota, er fantastisk nok. Men det var ikkje eit mål for mykje, og det hadde ikkje vore noko å sagt på om dei hadde putta yttarliggare eit mål eller fire til i denne omgangen.

Trenar Jan Magne Langedal smilte lurt i sjegget på sidelinja utover i kampen, noko han hadde god grunn til. For spelarane viste i dag seg fram frå si beste side, og ingen lag i divisjonen tek dei på ein slik dag. Måtte mange slike dagar kome i dei resterande kampane i haust .....
I dag er det vanskeleg å fremheve ein enkeltspelar på Tambar, der samtlige gjorde ein solid jobb på grasmatta. Så vi deler like godt terningkast SEKS til samtlige!

Tambar sin tropp mot Florø 3:

Olav Engebø Hundershagen
Bjørnar Vårdal Landsverk
Espen Langedal
Anders Aase
Kristoffer Hundershagen
Andreas Brandsøy
Henrik Hundershagen
Gunnstein Vefring
Andrè Sølvberg
Vegard Savland
Iben Munkvold


Andreas Vatne
Nicolai Sundbye
Jørgen Helgheim
Nikolai Stølsvik
Ola Frøyen

(Alle fekk speletid)


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse